nyhende

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier at ein ny variant av omikronviruset er på frammarsj også i Noreg. Arkivfoto: Javad Parsa / NTB NPK
Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier at ein ny variant av omikronviruset er på frammarsj også i Noreg.

Ny koronavariant på frammarsj

Ein ny omikronvariant er på framgang i Europa, Den har også komme til Noreg. Vaksinar kan vere mindre effektive mot den nye varianten enn tidlegare variantar.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det er framleis omikronvarianten BA. 5 og undergrupper av denne som har dominert etter sommaren både i Noreg og Europa, men ein av dei nye variantane, som har stadig større evne til å omgå immunitet, er BF. 7-varianten, som no utgjer éin av ti virusprøver som Folkehelseinstituttet (FHI) analyserer, skriv VG.

– Vi veit ikkje om BF. 7-varianten gir meir alvorleg sjukdom, eller på annan måte skil seg vesentleg frå tidlegare variantar, men talet på mutasjonar tyder på at han kan omgå immunitet meir effektivt enn før, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til avisa.

Men kva dette vil bety i praksis er framleis for tidleg å seie.

– Vi trur at vaksinane framleis vil verne godt mot alvorleg sjukdom, men har ikkje nok erfaring med denne nye varianten til å kunne seie korleis han vil påverke pandemien, seier han.

I Noreg stig koronasmitten ganske sakte, medan haustbølgja vi har sett i fleire naboland har minka den siste veka, skriv VG.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS