nyhende
Ny kommunalsjef er tilsett
Sjefen for barnehagane i Haugesund, Elisabeth Nygaard, er tilsett som kommunalsjef for skule, barnehage og kultur i Sveio kommune.
Meldinga om dette gjekk ut til dei tilsette i Sveio kommune torsdagføremiddag.
Elisabeth Nygaard kjem frå jobben som einingsleiar for barnehagane i Haugesund kommune. Ho startar i kommunalsjefjobben 1. november, og tek over etter Solfrid Lier Habbestad, som blir pensjonist same dato.
Nygaard har lang erfaring som leiar knytt til barnehagedrift, samt fleire års erfaring frå Breidablikk læringssenter. Der har ho vore leiar for spesialpedagogisk ressursteam med vidare.
Stort engasjement
– Elisabeth har stort engasjement for barn og unge, og vi ser fram til at ho med sin kunnskap skal bidra til vidare utvikling av skular, barnehagar og kulturliv i Sveio kommune. Vi ynskjer ho velkommen, skriv personalsjef Monica Hovda Madsen i meldinga.
Til Haugesunds Avis seier Nygaard at ho ser fram til å begynna i den nye jobben.
– Sveio kommune virkar til å vera ein framoverlent kommune som eg gleder meg til å vera ein del av, slår ho fast.
Lokale søkjarar
Blant søkjarane var det to rektorar ved skulane i Sveio: Ben Jerry Ellingsen, Sveio skule, og Solveig Skattkjær, Vikse skule.
Av søkjarar med adresse i Sveio sto senioringeniør Odd Konrad Dale, driftssjef Loredana N. Giurgiu, lektor Asle Georg Halleraker og student Caroline Jacobsen på lista.