nyhende
Ny klubb har dukka opp
Sveio har fått sin eigen dykkarklubb. Laurdag var det markert med eit dykk til minne om ein konge som skal ha mista livet i eit forlis ved Lyngholm i 1379. Og no skal jakta etter spanskeskipet «Santiago», som skal ha møtt sitt endelykt i Bømlafjorden i 1588, intensiverast.
— Det er det som er så fascinerande med dykking. Du kan finne ei colaflakse som nokon har mista over bord sist veke. Og ved sida av den kan det ligge ei gamal krukke frå 1400-talet, seier Lars Einar Hollund.
66-åringen frå Våga er ein av initiativtakarane bak den nyleg stifta Njord dykkarklubb Sveio. Den består av rundt 20 kvinner og menn som alle deler interessa for sportsdykking.
Kongedykk
Sist laurdag markerte klubben oppstart med det dei kalla «Kongedykket». Til minne om Magnus Eriksson, den første kongen som ikkje var ein del av av Hårfagreætta. Det seies at skipet hans forliste utanfor Lyngholm i desember i 1379. Ifølgje islandske kjelder drukna Kong Magnus og mennene hans – 25 i talet.
— Og berre liket av kongen skal ha drive i land, seier Hollund.
Mens mange dykkarar synes det er flott å berre få oppleve dei klåre fargane under havoverflata, drive med undervassfotografering eller fange kamskjel og anna sjømat, er andre på jakt etter små og store skattar som truleg ligg skjult på havbotnen.
Hollund er ein av dei som blir trigga av historia til det dei finn.
— Det er mykje artig å finne på havbotnen. Men aller mest spennande er det når du får historie knytt til objekta ein finn, seier han.
Han fortel at dykkarane ofte samarbeider med Sjøfartsmuseet i Bergen når dei finn gjenstandar, og ofte får dei då svar på type gjenstand det er, kva den har vore brukt til og kva tidsepoke den er frå.
Han gler seg til å utforske Sveio-kysten meir som dykkar, som ifølgje Hollund er eit skattkammer av fine dykkarplassar. Han fortel at det til dømes utanfor Rødspollen er ein plass som kallast Kuskithavet kor det finst ein del gamal ballaststein, noko han også synes er historisk interessant å dykke ved.
Sjølv vart Hollund hekta på sportsdykking midt på 80-tålet, då han var med på å finne eit tysk kampfly i Storavatnet ved Bremnes på Bømlo som ung. Då hadde dykkarar leita i 15 år etter flyet.
— Det var ei spesiell oppleving å sjå hakekorset på haleroret som stakk opp frå sjøbotnen, fortel den utflytta bømlingen.
Forliste «Santiago» i Sveio?
Det er ei spesiell forteljing som triggar Hollund mest. Det handlar om skipet «Santiago», eit av dei største i den spanske armadaen, og eit av skipa som spanjolane brukte i eit mislykka forsøk på å erobre England i 1588. Skipet var blant fleire som bokstaveleg talt skal ha blitt blås inn i Nordsjøen. Og som i eit forsøk på å går rundt Skottland fekk sett endelykt på noregskysten.
— Det er tidlegare funne eit skip ved Moster, det såkalla «Mostraskipet». Det er spekulert i om dette er «Santiago», men ekspertar meiner at gjenstandane som er funne ikkje samsvarer med tidsepoken då «Santiago» sigla, fortel Hollund.
Han seier at nesten kvar centimeter rundt Moster er finkjemma utan sikkert funn av «Santiago», og han utelet difor ikkje at skipet kan ha forlist på Sveio-sida av Bømlafjorden.
Skipet hadde mange titals kanonar, og det er nok mest sannsynleg desse som kan finnast igjen frå skuta i dag.
Rydding av havbotn
Hollund fortel at den nye dykkarklubben også kjem til ha mykje aktivitet knytt til rydding av havbotnen. Det er ein del av samfunnsansvaret dykkarklubben tek på seg, fortel han.
Dei vil første kartlegge kva områder som bør ryddast for avfall.
— Det er rikeleg å ta av, seier han.
Rydding av havbotn er noko dykkarklubbane på Haugalandet har lang tradisjon for.
— Berre dei siste 3-4 åra er det henta opp 200 tonn avfall i Karmøy, Sveio, Haugesund, Bømlo og Stord, fortel han.
Dette er eit arbeid dykkarklubbane plar få støtte til å gjennomføre, mellom anna frå Handelens Miljøfond.
Han fortel at den nye dykkarklubben vil tilby kurs for medlemmar som kjem til.
— Sju av oss som er med i klubben er også dykkarinstruktørar, fortel han.