nyhende

Libe Rieber-Mohn, direktør i IMDi, gjekk nyleg gjennom nettstaden «Ny i Norge» med dei ukrainske flyktningane Ksenia Chelpan og Vitalia Sirenko.
Libe Rieber-Mohn, direktør i IMDi, gjekk nyleg gjennom nettstaden «Ny i Norge» med dei ukrainske flyktningane Ksenia Chelpan og Vitalia Sirenko.

«Ny i Norge» skal hjelpe flyktningar og ferskingar

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet IMDi) har samla informasjon frå styresmaktene som kan hjelpe flyktningar og andre som nyleg har kome hit på nettstaden «Ny i Norge».

Publisert Sist oppdatert

– Dei ferske skal finne det dei treng raskare, forstå det dei finn og få gjort det dei skal, seier drektør i IMDi Libe Rieber-Mohn. Det har lenge vore behov for ein samla og heilskapleg informasjon til dei som nyleg har kome til landet, legg ho til.

Rieber-Mohn meiner kvar enkelt vil ha nytte av at dei får god og korrekt informasjon frå det offentlege.

Nettstaden «Ny i Norge» rettar seg i dag mot fordrivne frå Ukraina, men vil i tida som kjem også utvide informasjonen til å gjelde andre flyktningar og grupper av nykomarar. IMDi står som eigar av nettstaden, som blir laga i samarbeid med andre offentlege aktørar.

Nettsida har vore aktiv i eit halvt år, og bruken har vore jamt stigande, heiter det i ei pressemelding frå IMDi.

Powered by Labrador CMS