nyhende

Guro Røher Eriksen i Frivilligsentralen er uroa for auken av folk som ikkje får endane til å møtast.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Guro Røher Eriksen i Frivilligsentralen er uroa for auken av folk som ikkje får endane til å møtast.

Ny gruppe ber om økonomisk hjelp: — I haust har det vore stor pågang

Frivilligsentralen fortel om høg pågang og ei ny gruppe som ber om hjelp. — Det er barnefamiliar med foreldre i jobb, seier leiar Guro Røher Eriksen.

Publisert Sist oppdatert

— I haust har det vore stor pågang, seier Guro Røher Eriksen, leiar for Frivilligsentralen i Sveio.

Pågangen ho snakkar om er talet på sveibuar som tek kontakt for å spørje om økonomisk hjelp.

Frivilligsentralen har eit samarbeid med NAV, lokalt som kan sende dei vidare om NAV ikkje sjølv kan hjelpe.

Mange har sett levekostnadane auke så raskt og kraftig at dei ikkje kan betale faste rekningar.

— På det meste har det vore fem forskjellige kvar veke, tre veker på rad, seier ho.

— Er det mykje?

— Ja det er veldig mykje. Til samanlikning var det mindre enn ein i veka i fjor vinter, seier Eriksen.

Frivilligsentralen kan gje gåvekort for matvarer, klede eller betale ein kontingent som barna treng.

Ofte kan dei ikkje dekke alt, eller berre gje eingongs-hjelp.

Den nye gruppa

Vanskelegare levekår er noko som råkar stadig fleire i Sveio. Noko særskild med auka er at dei trengande kjem frå ei ny gruppe.

— Det er barnefamiliar der foreldra er i jobb, seier Eriksen.

Ho er ikkje i tvil om kvifor dei spør om hjelp.

— Det er dei tinga som har vorte dyrare. Mat og straum. Det er det som tippar lasset, seier ho.

Oftast ringar dei ho fyrst, og det har gjerne vore eit vanskeleg steg å ta. For mange opplevast det som audmjukande å spørje om hjelp.

— For nokon er det sårt, eg kan høyre dei gret i telefonen. Fleire seier dei alltid har klart seg sjølv og at dei ikkje trudde dei skulle ende her, seier Eriksen.

Når dei møtast har mange eit behov for å forklare.

— Ein deler jo ikkje sine økonomiske problem med andre vaksne, så at dei kan snakke om det trur eg er godt, seier ho og fortset

— Nokon vil fortelje om situasjonen sin, kva som har vorte vanskeleg og kvifor. Andre seier lite og ynskjer å gå kjapt, det skjøner eg og er heilt greitt, seier ho.

Ikkje skjølvforskyldt

Eriksen understrek at dei økonomiske problema ikkje synast sjølvforskylde.

— Dei fleste gjer jo som dei skal, og har prøvd alt mogeleg anna før dei kjem til oss, seier ho.

Guro Røher Eriksen vert prega av dei sterke historiene ho møter på jobb.

Mange av dei som kjem til Eriksen er dei som fall mellom to stolar. Dei har ikkje rett på yting frå NAV, ei heller råd til dei auka levekostnadane sine.

— Forventar du at det vert verre for folk?

— Eg trur ikkje det kjem til å roe seg, eg håpar dei som treng hjelp tek kontakt, seier Eriksen.

— Meiner du straumprisar i samanheng med vinteren?

— Tenk kor dyrt det er no, me hadde ein varm september. Tenk kor ille det vert i januar, seier ho.

Eriksen sit sjølv på tal som fortel at juletida var utfordrande allereie før straumprisane vart eit tema. Juleaksjonen, der ein kan sende inn anonyme ynskje om julegåver, opplevde ei auke i Sveio dei førre åra.

— Det auka med 10 familiar i Sveio frå 2020 til 2021. Når ein reknar for befolkningstal ligg Sveio høgt på søkjarlista, seier ho.

Fortvilte foreldre

For barnefamiliar med ein allereie stram økonomi er bursdagar ein gjentakande utfordring.

— Ei mor kontakta meg om at det var tre bursdagar på kort tid. For mange som skal i selskap er 50-lappen dei skal ha med i gåve eit problem, seier ho.

Det vert ein vond sirkel, fordi ingen ynskjer fortelje om vanskane, og det er flaut å seie at ein ikkje har råd.

Eriksen har vitja fleire tilfelle.

— For nokre år sidan var det foreldre som tok kontakt med oss. Dei var så fortvila at me måtte snakka med skulekomiteen om at fleire ikkje hadde råd til å dra på klasseturen dei planla, seier ho.

Om ein ikkje sjølv har økonomiske problem vil ein gjerne ikkje oppdage det andre held stilt om, forklarar ho. Slik fortset den vond sirkelen.

— Det er ganske få som seier ifrå, så eg trur mange ikkje skjønar kor gale det er, seier ho.

Verdfull 50-lapp

Det er særleg ei hending som gjorde sterkt inntrykk.

— Det var ein far som fekk gåvekort på mat, og då sa han «då kan ungane mine få med 50 kroner».

Eriksen ser ned i bordet og vert stille nokre sekundar.

— Då fekk barna råd til å gå i kiosken på eit arrangement. Det gjer meg rørt, då får ein sjå kor lite det er snakk om, seier ho.

Nav ser aukande trend

Sindre Vikanes er leiar for NAV Sveio. Han kan sjå at det er ein liten auke i dei som har fått det vanskelegare til å få endane til å møtast.

— Det har ikkje vore ein stor pågang, men me ser jo trenden, seier Vikanes.

Sveio har no om lag 30 mottakarar av økonomisk sosialhjelp så langt i oktober månad. Dette er eit tal som varierer frå veke til veke forklarar Vikanes.

— Nokre treng hjelp ein kort periode og andre over lengre tid, seier han.

Økonomisk rådgiving

Ifølgje Vikanes har dei hatt fleire sveibuar inne for rådgjeving. Då ser dei på inntekter, utgifter og kva grep ein kan gjere for å betre situasjonen.

— Det har me hatt nokre eksemplar på den siste tida, seier han.

Vikanes oppmodar dei som er uroa, om å setje seg ned og sjå over økonomien. Det gjeld inntekt, utgifter, men også ting som lån og forsikring. Mange tek kontakt med banken for å forhandla betre vilkår fortel han.

— Me er tilgjengeleg for økonomisk rådgjeving, og råd om kva ytingar ein kan ha rett på, seier Vikanes og fortset:

— Det er nok personar no som er i jobb og som har det vanskeleg, som ikkje har rett på ein yting, seier han.

Powered by Labrador CMS