nyhende

Det nye styret i Sveio næringsforum er f.v. Grethe Lier Alne, Per Ove Økland, Nina Matre, Solfrid Hjortland Kinn, Reidun Ann Støle, Andreas Moe Larsen og Thor Kinn. Også Rune T. Hollekim er i styret, en var ikkje til stades då bildet blei tatt. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Det nye styret i Sveio næringsforum er f.v. Grethe Lier Alne, Per Ove Økland, Nina Matre, Solfrid Hjortland Kinn, Reidun Ann Støle, Andreas Moe Larsen og Thor Kinn. Også Rune T. Hollekim er i styret, en var ikkje til stades då bildet blei tatt.

Ny giv for næringsforum

Publisert Sist oppdatert

Sveio Næringsforum har i praksis ligge brakk i nesten sju år. Men med støtte frå Sveio kommune, som har engasjert deira samarbeidspartnar i næringssaker Atheno i arbeidet, er forumet i ferd med bli tilført ny livgivande næring.

Det var i kjølvatnet av det kommunale Bulyst-prosjektet i Sveio at det første allmøtet med mogeleg gjenoppliving av Sveio Næringsforum som tema fann stad i november i fjor. Prosjektleiar Nina Østensjø i Atheno AS, som også var sentral i Bulyst-prosjektet, fortalde frå scena tysdag at det ikkje har vore vanskelig å ta tak i næringsforum-saka. Ei arbeidsgruppe, som ho sjølv var ein del av, vart sett ned den gongen.

— Det har vore gøy å jobbe med ein gjeng som har vore så positive og engasjerte, sa ho.

Nytt styre

Tysdag vart Nina Matre vald som styreleiar i «nye» Sveio Næringsforum. Både ho og nestleiar Thor Kinn seier at dei synes det er bra å oppleve at kommunen har tatt initiativ til å få næringsforumet opp att.

— Me føler at det er eit oppriktig ønske frå kommunen, fordi dei har sakna ein sparringspartnar, seier Matre og Kinn.

Eit 20-tals personar fann vegen til allmøtet i Sveio soknehus tysdag.

Dei er sjølv næringsdrivande. Nina Matre driv Camp Ålfjorden AS og Røyrsle AS i Fjon, mens Thor Kinn driv Haukås Dekk og Fritid AS på Haukås.

Dei trur at det finst ei stor oppside for lokalt næringsliv om ein får på plass ein møteplass kor ein kan bygge nettverk. Det handlar om å bli kjende med kvarandre, og på den måte finne ut av kva ein kan både samarbeide med og framsnakke kvarandre.

Med seg i styret har dei Grethe Lier Alne frå Sveio Blomster AS, Per Ove Økland frå Tittelsnes Havn AS, Solfrid Hjortland Kinn frå Haukås Bilverksted AS, Reidun Ann Støle frå Støle Ferieleiligheter AS i Mølstrevåg, Andreas Moe Larsen frå Bremnes Seashore og Rune T. Hollekim.

I tillegg er Lars Einar Hollund (H) vald inn til ein observatørpost som Sveio kommune har. Frå scena poengterte Nina Matre at Sveio må henge med i alt som skal skje framover, og peikte på at forumet kan ha vere ei viktig røyst både når det skal byggast vegar og for å synleggjere mogelegheiter både for ungdom ein ønskjer skal flytte tilbake etter utdanning, og for andre som slår seg ned i kommunen.

— Me er ikkje berre ein pendlarkommune, det er mange plassar ein kan jobbe i Sveio, poengterte Matre.

Frukostmøte

I eit forslag til årshjul for næringsforumet er det planlagt to større næringssamlingar og to frukostar kor bedrifter kan få presentere seg. Ein ser også for seg at ein på møte kan ha temamøter om til dømes forskjellige støtteordningar.

— Og ein årsfest hadde vore kjekt, kanskje med utdeling av ein næringspris, sa ho.

Men først handlar det om å rekruttere medlemmar, og Thor Kinn legg til at dei håpar å få med seg også dei store verksemdene som har aktivitet i kommunen.

— Dei har også ein del kunnskap som me som er mindre ikkje har, poengterer han.

Bremnes Seashore positive

Blant innleiarane tysdag var ein av dei store, innan havbruk, på plass.

Fagsjef Geir Magne Knutsen i oppdrettsselskapet Bremnes Seashore, som har tre lokalitetar i Sveio kommune, ga uttrykk for at selskapet, som mellom anna står merkenamnet Salmalaks, ønskjer eit næringsforum i Sveio velkommen.

Fagsjef Geir Magne Knutsen i Bremnes Seashore heiar på Sveio Næringsforum.

— Me skal rekruttere tilsette til kompetansearbeidsplassar ved anlegga våre. For å lokke folk til å arbeide for oss, så må dei ønske å busette seg i området. Då treng me attraktive lokalsamfunn, med gode handels- og kulturtilbod – og me treng arbeidsplassar til partnarar og ektefelle, poengterte Knutsen, som trur eit næringsforum vil kunne vere ein viktig bidragsytar for å få det til.

Også Næringsforeningen Haugalandet, som no tel 500 medlemsbedrifter, og Bømlo Næringsråd, som etter ei nysatsing der har gått frå 80 til 230 medlemmar på kort tid presenterte seg i møtet tysdag. På allmøtet i november var Stord næringsforeining til stades.

— Me håpar å samarbeide me alle rundt oss, for å kunne oppnå synerggiar av kvarandre i dette arbeidet, seier Nina Matre.

Det nye styret i Sveio næringsforum skal møtast i mars, då mellom anna for å planlegge det ein håpar blir det første medlemsmøtet i juni månad.

Powered by Labrador CMS