nyhende

— Møt opp og kom med innspel, oppfordrar Alf Edvin Hovda. På andre sida av fjorden er arbeidet med Bømlo fiskerihamn i full gong. FOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
— Møt opp og kom med innspel, oppfordrar Alf Edvin Hovda. På andre sida av fjorden er arbeidet med Bømlo fiskerihamn i full gong.

Ny giv for Bua-krinsen

Styringsgruppa for Liv og Lyst Bua inviterer til bygdemøte om kvar vegen går vidare. — Målet er at me skal gjera eit så godt arbeid at me blir godkjende for eit treårig prosjekt, seier Alf Edvin Hovda.

Publisert Sist oppdatert

Liv og Lyst Bua fekk midlar i fjor haust til eit forprosjekt, og ein viktig del av dette er bygdemøtet 14. mars. Møtet er for alle som bur i bygda eller er knytt til krinsen på andre måtar. Her er alle gode tankar og idear velkomne.

— Me vil ha ei levande bygd der unge og gamle trivst. Utfordringa deltakarane får, er status i dag, korleis vil me ha det i 2030, og kva må me gjera for å koma dit? Det er plass til 100, og me byr på både interessante gjester og kortreist kveldsmat, seier Hovda.

500 nye arbeidsplassar

Gjestene er mellom andre ordførar Linn Therese Erve og Kjell Tufteland frå Bømlo Fiskerihamn. Kommunen og den nye fiskerihamna i Langevåg er begge sentrale for utviklinga i Buakrinsen. Det er også Vestland fylkeskommune, som er involvert i fiskerihamna.

Utbygginga av fiskerihamna er alt i full gong, og den vil gje 500 nye arbeidsplassar rett over fjorden. Ein anslår at mellom ein tredjedel og halvparten av dei tilsette vil busetta seg på fastlandet, og næraste fastland er Bua, seier Hovda.

Deltakarne på bygdamøtet vil bli delt i grupper. Kvar gruppe blir mellom anna utfordra på gode og svake sider, kva må og kan utviklast meir.

Grunnlag for neste søknad

Hovda håper bygdefolket og andre interesserte verkeleg vil mobilisera og delta. Alle gode krefter trengst for å utvikla bygda i positiv retning. Alle tankar og idear er velkomne, og etter møtet vil styringsgruppa gå gjennom og systematisera det som kjem opp av idear.

— Dette arbeidet skal vera ferdig i løpet av april og dannar grunnlaget for søknaden om midlar til eit treårig prosjekt, seier Hovda.

Kjem ikkje utanom Tjernagelvegen

— Kva meiner du er sentralt for vegen vidare?

— Eg vil ikkje legga føringar med å koma med mine meiningar på førehand. Men me kjem ikkje utanom veg. Når fiskerihamna er i full sving, vil det køyra 50 vogntog kvar veg om dagen fordi transporten vil så raskt som mogeleg til og frå fastlandet. Tjernagelvegen er ei stor utfordring allereie i dag, og ny veg må på plass så snart som mogeleg for å takla 100 vogntog om dagen, seier Hovda.

Powered by Labrador CMS