nyhende

Lesarbrevskribenten er kritisk til manglande involvering av grunneigarar i planprosessen for ny fylkesveg 541 frå Grimstveit til Krossleite.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ny fylkesveg 541 mellom Buavåg og Krossleite er førebels ikkje økonomisk prioritert.

Ny fylkesveg mellom Krossleite og Buavåg vert sett på vent: — Katastrofe

Utbetring av fylkesveg 541 mellom Krossleite og Buavåg vert truleg ikkje prioritert før tidlegast i 2027.

Publisert Sist oppdatert

I den regionale transportplanen (RTP) for perioden 2022 – 2033 ligg økonomiske midlar til ny veg mellom Krossleite og Grimstveit langt nede på prioriteringslista.

Utbetring av denne vegen er noko FrP ynskjer å framskunda. Dei meiner den planlagde investeringsramma for mellom anna fylkesvegar er for snever og ynskjer å auka vegløyvingane med éin milliard kroner dei neste fire åra, altså i den fyrste perioden frå 2023 – 2026.

Tysdag 24. mai var saka til handsaming i Hovudutval for samferdsle og mobilitet, men FrP sitt framlegg fekk ikkje fleirtal.

Dette inneber i praksis at vegen mellom Krossleite og Grimstveit ikkje vert økonomisk prioritert dei fyrstkomande åra.

— Ein katastrofe. Det har vore mykje frustrasjon knytt til denne vegen. Dette er ein nedtur for både grunneigarane i området og næringslivet, seier varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen i Sveio FrP.

Ruth G. Østebøvik Eriksen, Sveio FrP.

Ho meiner det er uproblematisk og fullt mogleg å setja av planleggingsmidlar til ny fylkesveg 541 før 2027.

— Det handlar om sterk nok vilje til å finna pengane og bruka dei riktig, men me vil kjempa vidare for å få fylkesvegen 541 høgare på den økonomiske prioriteringslista, understrekar Eriksen.

Saka skal opp att i Fylkestinget den 21. juni.

Powered by Labrador CMS