nyhende
Ny etasje og godt sal
Dugnadsgjengen brukte koronavåren til å gjera klar ein tredje etasje i Gjenbruksløa. Låven har gjort sitt til at omsetnaden no er minst like bra som før Noreg stengde ned.
– Me nytta nedstenginga til å setja i gang med den planlagte oppussinga av låven. Det hadde vore vanskeleg å få gjort så mykje dugnad med vanlege opningstider. Tida vart nytta godt til rydding, vasking, snekring og anna arbeid som måtte gjerast for å få låven presentabel, seier Per Bjørn Habbestad, styreleiar i Gjenbruksløa.
Og for ei gjenopning det vart. 22. mai sto det to lange køar med to meter avstand mellom kundane frå låvebrua og 30 meter bakover, og køane heldt seg like lange heile opningsdagen.
Tredobbel omsetnad
– Det var heilt fantastisk! Me rekna med det ville koma litt folk, men hadde ikkje rekna med tre gonger meir omsetnad enn vanleg. No har det roa seg til meir normale tilstandar. Med mange på farten i eige land i ferien, trur me det kan bli ein bra sommar også, seier Habbestad.
Han strekar under at dei følgjer alle smittevernråd og -reglar med avstand, handhygiene og kor mange som får vera inne i lokala samstundes. Ein konsekvens av dette er at det ikkje er kafé og vaffelsal. Men det er laga til koselege sitjeplassar ute, og folk kan forsyna seg med kaffi som blir sett ut.
Luftig og innbydande
Låven er verkeleg blitt eit flott tilskot til Gjenbruksløa, og varene blir presentert på ein annan måte enn i dei to andre etasjane. Det er spennande å rusla rundt i det luftige og innbydande lokalet og kikka på små og store skattar. På grunn av at låven ikkje er isolert, vil dette vera eit tilbod i sommarhalvåret.
Gjenbruksløa vart starta for å betala ned lånet på Sveio soknehus. Då Vestavind besøkte dugnadsgjengen berre nokre dagar før 12. mars, låg det an til at lånet ville vera nedbetalt vinteren 2022.
– Sjølv med nedstenging i ein periode der me normalt har godt besøk, blir det ikkje så store endringar i nedbetalingsplanen. Slik det ser no vil lånet vera nedbetalt tre månader seinare enn den opprinnelege planen, seier Habbestad.