nyhende
Ny digital løysing skal gjere det lettare å melde svindel
Politiet lanserer ei ny digital løysing for å melde svindel på nettsidene til politiet. Det er viktig at politiet har gode verkemiddel, seier justisministeren.
Den nye løysinga skal bidra til at politiet får betre oversikt over omfanget, skriv politiet i ei pressemelding.
– Med denne løysinga har politiet komme eitt viktig steg vidare i å få grep om den store samfunnsutfordringa som svindel er, seier politidirektør Håkon Skulstad.
Det er i dag vanskeleg for politiet å vite om svindelsaker kan ha samanheng med andre saker andre stader i landet, ettersom dei blir melde i politidistriktet der ein bur. Økokrims bedragerieining får med denne lanseringa høve til å få oversikt over alle bedrageri meldingar som kjem inn.
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) var tysdag med på lanseringa
– No er dei aller fleste bedrageria digitale. Det er viktig at politiet har gode verkemiddel i møtet med denne kriminaliteten, seier Hansen i ei pressemelding.
Økokrim-sjef Pål Lønseth oppmodar befolkninga til å melde svindelsaker, slik at ein får utnytta den nye meldingsløysinga.
– Når vi kan sjå saker i samanheng aukar moglegheita for at vi kan tette igjen sårbarheiter som blir utnytta av svindlarar og oppklare fleire saker, seier Lønseth.