nyhende
Ny betalingsmetode på bussen
Frå i dag kandu bruke bankkort til å betale for bussbilletten på alle Skyss sine bussar i ruteområdet for Sunnhordland.
Det er i kommunane Fitjar, Stord, Bømlo og Sveio du kan betale for bussbilletten med bankkort frå og med måndag.
Betaling med bankkort om bordskal bli moglegi heile tidlegare Hordaland, med oppstart i område for område utover våren.
Sunnhordland er altså først ut.
Har vore etterlyst
— Mangereisandeharlenge ønsktåfå betalebussbillettenmed bankkort. Vi er sværtgladefor at vi no kan tilby dette.Vi erspentepå korleis løysingablir tatt imoti Sunnhordland, seier Kari Steinsland, leiar for mobilitetstenester i Skyss i ei pressemelding.
Du kan kjøpeenkeltbillettog 24-timersbilletthos bussjåføren. Betaling med kort skjer kontaktlaust, ved at ein legg bankkortet på bankterminalen. I nokre tilfelle må ein setje inn kortet og taste PIN-koden.
Vil samle erfaringar
Du kanframleis betale kontant for billettar, og billett-appen og Skyss sin nettbutikk for billettar er heller ikkje endra. Skyssoppmodardeg som skalbetale med bankkort om å ha kortet klartnår du stig påbussen.
— Skyss vil samle erfaringar frå oppstarten i Sunnhordland og ta desse med vidare når løysinga skal takast i bruk i resten av Hordaland, heiter det i pressemeldinga.