nyhende

Ny bane klar til våren

Sveio Golfpark er straks ferdig med ein heilt ny bane med ni hol. Graset må berre få gro litt meir først. Banen skal spelarar utan grønt kort få bryna seg på. – Den er klar til mai 2024, seier styreleiar Per Bjørn Habbestad.

Publisert Sist oppdatert

I lengre tid har det vore diverse arbeid på eit område hjå Sveio Golfpark. I enden av nedslagsfeltet til driving-rangen og litt forbi har dei opparbeida område og terreng.

Sjølve arbeidet byrja rundt 2021 ifølgje ein tilsett. Styreleiar Per Bjørn Habbestad fortel at det har teke hovudfokuset til golfparken.

99 prosent ferdig

– Det er den nye ni-hol banen som har teke tida vår, og no er den 99 prosent ferdig, seier han.

Forutan å utvida golfbanen for å utvida tilbodet, er tanken at dei som vil prøva seg, også dei utan grønt kort, kan få ein flott bane å spela på. Sjølve banen strekk seg over eit område sør og aust for noverande golfbane, i retning SIM og Fylkesveg 47. Det meste av arbeidet er gjort, og det einaste som manglar er at naturen går sin gang.

– Det er berre ein god vår og groing av gras som står att, seier Habbestad.

– Korleis har arbeidet med banen gått?

– Veldig fint. Det som har teke tid er reguleringsprosessen som forskauv prosessen med tre år, seier han.

Golf-«hotell» førebels på vent

Opphaveleg var det førespegla at ny bane skulle ordnast som del av ny sentrumsplan. Men sidan den ikkje vart, og framleis ikkje er ferdig, tok dei saka i eigne hender.

– Då gjekk det opp for oss at me måtte setja i gang sjølv. Så no er den nye banen klar til mai 2024, seier Habbestad.

Styreleiaren fortel at dei no vil gjera ferdige prosjekta som er i gang på golfbanen før dei byrjar på nye. Det betyr at ombygging av det såkalla «Eagles-bygget» og overnattingstilbodet må venta litt.

– Eg vil ikkje forskotera noko der. Me kjem til å ta ei avgjersle på våren, avsluttar Habbestad.

Powered by Labrador CMS