NPK-NTB: – Det vi ser, er at ein må vere førebudd på at det blir prisar på eit mykje høgare nivå enn vi er vane med. Ikkje berre i vinter, men også i sommar og kanskje neste vinter, seier direktør Inga Nordberg i energi- og konsesjonsavdelinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NRK.
Vanlegvis fell prisane mykje utover våren, men sjølv om prisane truleg vil gå noko ned òg denne våren, vil det mest sannsynleg framleis vere høgt prisnivå gjennom året, ifølgje Nordberg.
Ho meiner det ligg an til at det blir vinterprisar òg til sommaren.
– Ja, vi tenkjer det er fornuftig å vere førebudd på det. At ein får tilnærma vinterprisar også på sommaren.
NVE understrekar at det er stor uvisse om prognosane. Det som avgjer, er om gassprisen framleis vil halde seg høg og kor mykje nedbør som kjem.
Nordberg meiner det er naturleg at regjeringa ser på moglegheita for å forlengje straumstøtta.