nyhende

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er styreleiar for Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Etne kommune.Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er styreleiar for Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Etne kommune.

NRK: Fleire kan slå følgje om Sveio går til Rogaland

I dag røystar Sveio over om dei vil byte fylke frå Vestland til Rogaland. Om det blir fylkesbyte kan fleire kommunar i Sunnhordland kome etter, ifølgje NRK.

Publisert Sist oppdatert

– Me jobbar med ei kartlegging av kva det vil bety å gå til Rogaland for heile Sunnhordland, seier styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Etne, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp), til NRK.

Ytterlegare sju andre kommunar sør i Sunnhordland, har lenge vurdert overgang til Rogaland, grunna misnøye med stort fokus på den nordlegaste delen av Vestlund, gamle Sogn og Fjordane.

Dei er mellom anna misnøye med stort fokus på den nordlegaste delen av Vestland, gamle Sogn og Fjordane.

– Me følgjer nøye med på kva som skjer i Sveio, seier Ekrheim til NRK.

Samstundes legg ho til at alt ikkje var roseraudt i gamle Hordaland heller.

– «Bergensarrogansen» var tidvis veldig problematisk, spesielt om stamvegen mellom Haugalandet og Oslo, E134. Dette er betre i nye Vestland, seier Etne-ordføraren, som sit i hovudutval for samferdsel og mobilitet i storfylket.

Powered by Labrador CMS