nyhende

Slik feirar Camilla Fagerland Tverfjell påsken.

– Frukost ved sjøen på Fager­land då eg var lita

Påsken er i gang, og for mange blir dagane brukte på heilt ulike måtar. Me i Vestavind har spurt ulike sveibuar om korleis påsken deira ser ut.

Publisert

Dagens påskeenquete

Namn: Camilla Fagerland Tverfjell

Alder: 37 år

Bustad: Auklandshamn

– Feirar du påske?

– Ja, me feirar påske av tradisjon.

– Kva skal du i påsken?

– Me skal slappa av heime, men håpar også å få til ein tur til Sauda for å stå på ski viss vêret blir fint. Elles har me også ein tradisjon med å ta turen til Ryvarden i påska.

– Har du nokre påskefavorittar?

– Ja, påskekrim på TV, lammelår og marsipanstenger.

– Kva er ditt beste påskeminne?

– Det må vera frukost ved sjøen på Fagerland då eg var lita. Me hadde tradisjon for å gå ned til sjøen, laga frukost og koka egg.

Powered by Labrador CMS