nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft fortel at ny lege er tilsett i Sveio.
Kommunalsjef Ingunn Toft fortel at ny lege er tilsett i Sveio.

November er ein smittetopp i Sveio

November har blitt ein toppmånad for koronasmitte i Sveio, ein del av dei er elevar på Sveio skule. No får resten av klassa to testar med seg heim om éin elev har testa positivt.

Publisert Sist oppdatert

Igjen er det ein del covid-19 blant oss, men det betyr verken karantene eller heimeskule. Vaksne er rett nok oppmoda til å vurdera heimekontor om det er mogleg, men friske elevar møter på skulen som vanleg.

To testar

Retningslinjene for testing av elevar blei endra tysdag denne veka.

– No er det fast sjølvtesting på første og tredje dag om det er smitte i klassen. Dag 1 får ein eit situasjonsbilde for å sjå om det er fleire, men det kan vera for tidleg å oppdaga om ein har blitt smitta, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft.

Det er derfor tilrådd å ta den andre testen på dag 3, helst før ein går på skulen om det er skuledag.

Jamt trykk

Ho vil seia at smittetrykket er jamt, Sveio er på ein topp nå om ein ser heile pandemien under eitt. I følgje Haugesunds Avis måndag, har det vore 24 smittetilfelle til no i november. Det stemmer godt overeins med kommunalsjefen sine tal.

Førre veke var det 11 registrerte tilfelle i Sveio.

– Til no denne veka er det omtrent seks, seier Toft. Totaltalet kjem kvar fredag, slik at ho ikkje har eksakte tal til ei kvar tid. Då Vestavind pratar med ho tysdag i 13-tida, er det meldt inn to nye tilfelle frå barne- og ungdomsskulen, og nokre fleire vaksne.

Ho har ikkje fått tilbakemelding om alvorleg sjukdom blant dei unge som har fått viruset. Det dreier seg om relativt milde sjukdomsforløp.

Stor pågang

Når heile skuleklassar får utdelt testar kan det gå ein del til dagen. Kommunalsjefen er ikkje redd for å gå tom for sjølvtestarar på noverande tidspunkt.

– Me har tilstrekkeleg med det regimet me har no, og til alle som har symptom. Dei som vil ha testar på lur, må gå på apoteket, tipsar ho.

Ellers er pågangen til kommunehelsetenesta er ganske stor om dagen.

– Me er førebudde på eit høgare sjukefråvær, seier Toft, som er spent på utviklinga, ikkje berre i forhold til korona, men også andre smittsame infeksjonar, slik som vanlege luftvegsinfeksjonar og RS-virus som belastar sjukehusa.

Munnbind

Sjukeheimen tar i mot pasientar som kjem frå sjukehuset tidlegare enn før grunna kapasiteten på sjukehusa på Stord og i Haugesund. Det betyr at dei har større bemanning enn dei vanlegvis ville hatt.

Helsepersonell i heimetenesta og ved omsorgssenteret bruker munnbind igjen, og dei få tilsette som ikkje er vaksinerte, testar seg to gonger i veka, i tråd med anbefalingane.

Kommunalsjefen oppmodar innbyggjarane til å følgja med på anbefalingar og retningslinjer, både lokale, regionale og nasjonale.

Powered by Labrador CMS