nyhende

Nøtteliten fekk eit nytt liv

– Eg har lært at eg må vera tolmodig. I starten sprang eg rundt for å få tak i ho, men då vart ho endå reddare. No veit eg at om eg berre set meg i sofaen og ventar, så kjem ho.

Publisert Sist oppdatert

Alisa Angell-Hansen (snart 12) har knapt løfta ekornungen Mali ut av buret, før det vesle nøstet hoppar ut av hendene hennar, pilar lynraskt nedover buksebeinet og forsvinn under sofaen. Nokre sekund etterpå kjem ein buskete hale til syne bak sofaryggen, akkurat i tide til å sjå pappa Helge kome inn med kveldsmaten hennar i handa.

Helge overlèt sprøyta med morsmjølkerstatning til dottera. Like etter ligg ekornungen i fanget hennar og syg ivrig av mjølka. Dei små auga lukkar seg kvar gong Alisa stryk den vesle kroppen varsamt over ryggen:

– Eg vart så glad då det var bestemt at me skulle behalde ho. Men eg gruar meg jo allereie til å seie ha det. For det skjønar eg at eg må. Ho høyrer jo til ute i skogen.

– Eg har lært at eg må vera tolmodig. I starten sprang eg rundt for å få tak i ho, men då vart ho endå reddare, seier Alisa.

Toppen av eit tak

Dei fann ho ein kveld for to veker sidan, sprellande i eit nett familien sjølv hadde hengt opp under takutstikket for å hindre at ekorn kom seg inn under taket. Det skjedde nemleg i fjor. Då flytta det inn eit foreldrepar med tre ungar som laga leven til alle døgnets tider.

Etter å fått ungen laus, plasserte Helge det forkomne nøstet i ein boks på ei høg gardintrapp under taket, slik at mora lett kunne nå ungen om ho kom att. Parallelt tok han til å søke informasjon på nettet og fann nettsida til Ekornhjelpen.

Helge skjønte raskt at dei måtte ta ungen inn om han skulle ha sjanse til å overleva. Slik enda ekornet på baderomsgolvet den første natta, i ein pappeske med handklede. Først etter nokre timar, då dei etter ekspertråd var sikre på at ungen hadde fått att normal kroppstemperatur, fekk nøtteliten den første matserveringa.

Mali er tillitsfull, men det er ikkje eit mål å få ho tam som eit vanleg kjæledyr.

Neste morgon var det familieråd i Hakadal. Var alle innstilt på å bidra til å stelle ekornungen døgnet rundt dei neste fem vekene? Og, i eit større bur ute i hagen i to nye veker etter det? Og ikkje minst – ville dei orke å skiljast frå ekornet, når det var stort og sterkt nok til å greie seg sjølv?

Smilet til Alisa levnar liten tvil om kva ho kjenner om avgjerda dei kom fram til. Men ho skjønar også at det vart foreldra som måtte ha det avgjerande ordet:

– Det er lett å berre tenkje på kor søt ekornungen er, men det er eit vilt og sjølvstendig dyr, og difor eit stort ansvar. Målet er jo at ho skal ut i naturen att. Det snakka me mykje om før me bestemte oss for å bli fosterfamilie, forklarar Helge og kikkar bort på Alisa:

– Eg trur me alle gruar oss til me må skiljast frå ho. For sjølv om det er mykje jobb, er det mest av alt ein god jobb. Det er jo fint å kunne hjelpe.

300 fosterheimar

Dei er driftige, ekornhoene. I eit godt matår kan dei føde heile tre kull med opptil åtte ungar frå mars til september. Etter 12 veker er ungane for vaksne å rekne, men blir ofte passa av mora eit par veker etter det også. Det kan bli mange ekorn i skogen av slikt. Likevel er det ikkje alltid naturen speler på lag, fortel Wenche Ausland i Ekornhjelpen.

Kvart år får ho og dei to andre tilsette i den frivillige organisasjonen fleire hundre telefonar frå folk som har kome over ein einsleg ekornunge og ikkje anar korleis dei skal gripe an situasjonen. Då er det altså hjelp å få. Ausland og kollegaene gir ikkje berre akuttråd og følgjer opp over telefon. Dei har også over 300 fosterheimar over heile landet som står klare til å ta i mot eit lite nurk dersom finnaren ikkje sjølv kan ta hand om det.

– Om ein unge ikkje er levedyktig, er det ikkje uvanleg at mora forlèt avkommet og brukar ressursane sine på dei andre ungane i staden. Då blir den svake ungen liggjande att aleine. Andre gonger har ungane falle ut av bolet under trefelling og blitt skadde. Eller det kan vera kråker eller katter som har herja og klemt på ungen slik at han blir skadd og difor etterlaten av mora, fortel Ausland.

Alle ungar vil sjølvsagt ha eit ekorn i hus. Men det er foreldra som til sjuande og sist må ta ansvaret, seier Helge Angell-Hansen.

24-7

Nå me er på besøk er det to veker sidan familien Angell-Hansen fann ekornungen. Då vog han 104 gram. No syner kjøkkenvekta 134. Den vesle, men kritisk viktige vektoppgangen er eit resultat av nitid stell frå heile familien.

Dei første nettene bytte mamma Piyaporn og pappa Helge på å ha klokka på ringing kvar fjerde time for å mate den nye babyen. No får ekornet morsmjølkerstatning fem gonger om dagen og har også vatn i buret som Helge har bygd. For å vera sikre på at ungen utviklar seg som det skal, sender dei regelmessige oppdateringar og videoar til Ekornhjelpen:

– Av og til får ho ein mandel og ein eplebit, og snart skal ho berre ha mjølk to gonger om dagen. I tillegg likar ho knoppar på blåbærlyng, konglefrø, bork, pinnar og løvetann. Ofte finn eg litt mat til ho når eg går heim frå skulen, forklarar Alisa.

Pappa Helge har snikra buret, Alisa har skaffa hengekøye og postkasse. Etter kvart skal det byggjast nytt og større bur i hagen.

Varme først

Det er i det heile mykje å bu seg på før ein tek ein ekornunge i hus. Først av alt, må ein ikkje minst vera sikker på at ungen verkeleg er forlaten av mora, påpeiker Wenche Ausland:

– Det beste er alltid gjenforeining. Det kan difor vera klokt å trekkje seg attende og observere ei stund, for å sjå om mora kjem og hentar ungen. Det kan til dømes hende ho berre har mista han under flyttinga av ungane til eit anna bol.

– Men om ungen er veldig nærgåande og tek til å klatre på deg, kan du ta han med med ei gong. Det er eit teikn på at han har vore aleine lenge og er svært svolten. Då treng han hjelp fort.

Den største feilen mange gjer, er å gje ekornungen mat og drikke med det same. Dei små kroppane greier ikkje å prosessere næring utan at dei har normaltemperatur. Første bod er difor å sjå til at dei blir varme, gjerne i ei kasse med handklede og ei innpakka halvlitersflaske med varmt vatn.

– Er det heilt små babyar, tilrår me damer å putta ekornungen i BH-en. Der er det 37 grader og hjartelyd, fortel Ausland.

Det første ein ekornunge treng, er varme. Er dei bitte små når dei blir funne, tilrår Ekornhjelpen damer å putte ekornet i BH-en. Der er det 37 grader og hjartelyd.

Honningvatn før morsmjølkerstatning

Når ungen er varm, skal dei ha eit spesialblanda honningvatn, heilt til urinen er klar som vatn. Det kan fort ta eit døgn. Ofte må ein også hjelpe ungen å tisse ved hjelp av ein spesiell teknikk. Først då er dei klare for morsmjølkerstatning. Han må dessutan vera av typen som er berekna på hundekvalpar, understrekar Ausland, som viser til nettstaen til Ekornhjelpen, for meir utfyllande råd.

Sjølv om ein gjer alt etter boka, er det likevel ingen garantiar for at det endar godt. Det får også fosterheimane beskjed om, fortel ho:

– Veldig mange av ekornungane overlever, men det er også mange som døyr. Ungen kan sjå frisk og fin ut i den eine augneblinken, og så kan han plutseleg liggja død. Då har han truleg hatt større, indre skadar.

Frå å ha fått mat kvar fjerde time døgnet rundt, får ekornungen no morsmjølk fem gonger om dagen.

På lånt tid

I Hakadal nyt Alisa uansett den tida ho har med Mali. Å ha eit ekorn som rasar rundt i stova er noko heilt anna enn akvariet som står borte i hjørnet, fortel ho oppglødd:

– Pappa er allergisk mot dyr, så frå før har me berre gullfisk som seier blubb-blubb. Difor er det jo veldig stas å ha eit levande ekorn inne.

Pappa Helge smiler litt vemodig:

– Ja, så langt har eg ikkje reagert på ekornet. Men om eg skulle merke noko, så toler eg det i nokre veker. For dette er jo berre mellombels.

– Eg trur me alle gruar oss til me må skiljast frå ho. For sjølv om det er mykje jobb, er det mest av alt ein god jobb. Det er fint å kunne hjelpe, seier Helge Angell-Hansen.
Powered by Labrador CMS