Gjenopplev øyeblikka – her finn du bileta frå Norway Cup!Foto: Irene Flatnes Haldin
Norway Cup er over for Sveio IL – sjå bileta frå turneringa
Sveio IL er ute av årets Norway Cup etter B-sluttspelet onsdag 30. juli. Ingen av laga tok seg vidare til torsdagens kampar, men fleire leverte solide prestasjonar i møtet med tøff motstand.
Sveio mot Krødsherad: J14-laget i aksjon under Norway Cup.Foto: Irene Flatnes Haldin
Patrick med premien: Patrick Grutle stakk av med sigeren i ein konkurranse på Ekeberg – og vann hatten!Foto: Ida Kristine Ottesen
Straffespark for Sveio IL i 1/16-delsfinalen for G16 mot Ullensaker/Kisa. Kampen enda med 4–3-siger til Ullensaker/Kisa.Foto: Ida Kristine Ottesen
Daniel Ekornsæter, som skåra det første av dei tre måla i kampen mot Nordstrand.Foto: Irene Flatnes Haldin
Jubelscener frå den første sluttspelskampen for G16, ein kamp laget vann 3–1.Foto: Irene Flatnes Haldin
Både sveibuar heimefrå og utflytta patriotar var på plass for å støtte Sveio-laga i raudt under årets Norway Cup.Foto: Irene Flatnes Haldin
FV: Brage Selsås, Birger André Lillås og Jonas Fornes Larsen. Keeper Jon Tobias Lillås i bakgrunnen. Motstandar Kolbotn i 1/32-delsfinalen.Foto: Ida Kristine Ottesen
G15-laget til Sveio IL:Spelarar: Henrik Fykse, Mohammed Nurahmed Taha, Amine Gaya Ple Seid, Kevin Aase, Birger André Lillås, Jon Tobias Lillås, Kristian Hindøy, Jonas Larsen Fornes, Leander Vestvik Lokna, Liam Lillefosse Lokna, Brage Selsås, Brage Ravn Ottesen, Patrick Grutle, Simon Haukvik, Daniel Nesse, Herman Salte Enoksen, Kåre Grinde Vikse, Markus Knutsen, Mikal Møller Lindeland Hovda, Nicolas Miljeteig Braadland, Wilhelm Mokleiv, Heine Kilnes Nornes og Bjørn Tore Larsen. Trenarar: Bjørn Hindøy og Espen Ekornsæter. Lagleiarar: Ida Kristine Ottesen og Ine Salte Andersen.
Ei rekkje talentfulle fotballspelarar og støtteapparatet deira var samla der Sveibuene hadde base og overnatting under turneringa.Foto: Irene Flatnes Haldin
Desse gutane er på Norway Cup for første gong, og kan fortelja at dei har det fint.Fremst frå venstre: Vegard Alsaker Lokna, Oliver Ytreland Måge og Lucas Nygård.Bak: Mathias Vikse Hinderlid, Andreas Halleland, Markus Husebø, Magnus Nummedal Halleraker og Leon Bråtveit Økland.Foto: Irene Flatnes Haldin
Kvar skal denne få plass, tru?Foto: Irene Flatnes Haldin
G16 er på plass med mannskapet sitt i Oslo, her representert ved Ludvig Skeie, Kristian Sørensen, Alexander Opedal, Emil Misje og trenar Helge Røksund. Det er litt delte meiningar om kor god søvnen er i den tredelte hallen på Årvoll skole, som rommar over 150 spelarar og vaksne.Foto: Irene Flatnes Haldin
Nettkjenning på ein ny måte for Sveio-spelarane.Foto: Irene Flatnes Haldin
Med rundt 70 spelarar frå 12-16 år er det sjølvsagt eit stort trenar- og foreldreapparat som er med på å laga Norway Cup til ei god oppleving. Rolf Kristian Aase og Ida Kristine Ottesen skal servera pizzakvelds til eitt av laga.Foto: Irene Flatnes Haldin
Jentene har fått eit klasserom som soverom.Dei fire fremste: Thilde Christiansen, Karen Sofie Saltvedt, Jenny Haldin og Ann Synnøve Larsen.Bakerst: Malin Ekornsæter og Ingrid Reed Lund.Begivenheitene har stått i kø for jentene tirsdag. Dei spelte ein god kamp mot Ørsta IL, der dei scora to mål. – Me har også sett gratis kamp i Toppserien, fått giveaways og vunne billettar til Tusenfryd. Og me fekk vera med på TV2, oppsummerer jentene.Foto: Irene Flatnes Haldin
I front: Heine Kilnes Nornes og Amin Gaye Ple Seid. Bak fra venstre: Mikal Møller Lindeland Hovda, Liam Lillefosse Lokna, Kåre Grinde Vikse, Simon Haukvik og Emilie Aase.– Me har det veldig bra, det er veldig kjekt på Norway Cup, seier Heine.Foto: Irene Flatnes Haldin
Heiagjengen frå Sveio var godt førebudd på regnvêret under kampane på Rustad.Foto: Irene Flatnes Haldin
Heiagjengen frå Sveio var godt førebudd på regnvêret under kampane på Rustad.Foto: Irene Flatnes Haldin
G16-laget før kampen mot laget Hold My Hands Football Club frå Etiopia.Foto: Irene Flatnes Haldin
Frå G16-kampen mot laget Hold My Hands Football Club frå Etiopia.Foto: Irene Flatnes Haldin
Emilie Aase og Marie Enerstvedt i 3. kampen i gruppespelet mot Ørsta IL.Foto: Irene Flatnes Haldin
Tett og jamn kamp: Sveio IL sitt G15-lag møtte Bækkelagets SK i ein tøff duell. Det enda med eit knepent 1–0-tap for sveibuene.Foto: Ida Kristine Ottesen
Sveio-keeperen følgjer spelet frå eiga banehalvdel i kampen mot Krødsherad under Norway Cup.Foto: Irene Flatnes Haldin
Det stod ikkje på supporterfølget under årets Norway Cup.Foto: Irene Flatnes Haldin
Raude flagg bles i vinden over banar i heile Oslo – eit tydeleg teikn på at Sveio var til stades.Foto: Irene Flatnes Haldin
Oppvarming er alfa og omega for å vere klar til kamp.Foto: Irene Flatnes Haldin
Sveio-laga stilte i raudt – klare for innsats frå første spark. Irene Flatnes Haldin
Godt brukte sko: Jon Tobias Lillås sine fotballsko rakna fullstendig under ein tøff 7-arkamp. Med såpass hard motstand måtte han ut på jakt etter nye – slitne sko, med andre ord!Foto: Ida Kristine Ottesen
Dei ulike laga frå Sveio stilte opp for kvarandre – både som publikum og medspelarar.Foto: Irene Flatnes Haldin
God stemning i Sveio-hjørnet: Sveibuar frå fleire lag samla seg for å støtte spelarane frå sidelinja.Foto: Irene Flatnes Haldin
Tett duell rett framfor jentene på sidelinja.Foto: Irene Flatnes Haldin
Farsund og Lista fotball med corner, men Sveio hadde sikra første stolpe med ein godt plassert spelar.
G15 varmar opp før kamp: Sveio IL sitt G15-lag gjorde seg klare til oppgjeret mot Ranheim. Sveio gav god motstand, men Ranheim stakk av med sigeren og vann 4–1.Foto: Ida Kristine Ottesen
Klare for innhopp – gutane ventar langs sidelinja.Foto: Irene Flatnes Haldin
Det gjer godt med ein liten pause i graset mellom kampane.Foto: Irene Flatnes Haldin
Sveio IL sitt G15-lag i samling før kampen mot Nittedal. Oppgjeret i innleiande gruppespel enda 1–1.Foto: Ida Kristine Ottesen
G13-laget frå Sveio samla seg til lagbilete på det ikoniske Operataket i Oslo. Det vart òg tid til litt sightseeing og andre opplevingar i hovudstaden.Foto: Svein Halleraker
Spelarar og støtteapparat for G13-laget frå Sveio samla til felles bilete under turneringa i Oslo.Foto: Privat
Stjernemøte: Høgre-leiaren Erna Solberg var heldig og fekk knipsa eit bilete saman med det stjernespekka G13-laget til Sveio.Foto: Svein Halleraker
Magnus Nummedal Halleraker fekk stolt vist fram Sveio-fargane – ein kan jo undrast om det var Høgre-leiaren sin favoritt.Foto: Magnus Nummedal Halleraker