NPK-NTB: – Vårt Emergency Medical Team (EMT) står no på stand by for å raskt kunne hjelpe dersom det er behov for å støtte lokal helseteneste i Ukrainas naboland, opplyser helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) i ei pressemelding tysdag.
I ei europeisk kartlegging har Noreg òg meldt inn at norske sjukehus førebels kan ta imot rundt 550 ukrainske pasientar, inkludert mellom anna barn, brannskadde og kreftsjuke.
Flytransport
– Vi ser no på moglegheita for å auke dette ytterlegare ved behov. Vi har òg sagt at vi kan transportere pasientar ut frå nærområda til Ukraina med fly, seier Kjerkol.
Noreg opererer eit eige ambulansefly for EUs sivile beredskapsstyresmakter. Dette flyet vart klart for europeiske oppdrag frå 1. mars.
– Vi veit at dei humanitære konsekvensane av krigen vil bli svært store, og Noregs haldning er klar. Vi skal støtte Ukraina og står førebudd til å bidra ytterlegare i tida framover, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
Legemiddel for 43 millionar
Noreg sender no legemiddel til ein verdi av om lag 43 millionar kroner for å lette den akutte nødssituasjonen krigen har skapt. Krigen har skapt mangel på alt frå smertestillande til livsnødvendige medisinar som insulin, hjartemedisin og antibiotika.
– Vi må hjelpe kvarandre når krisa rammar. Vi veit at det er ei utfordring å gi hjelp til alle som treng medisinsk behandling, og at den ukrainske helsetenesta er hardt prøvd. Det er sjølvsagt at Noreg bidreg i denne situasjonen, seier helse- og omsorgsminister Kjerkol.
Det norske bidraget til Ukraina går via EUs ordning for sivil beredskap, UCPM. Allereie førre veke kom dei første leveransane av medisinsk forbruksmateriell fram til Polen. Dette er 22 såkalla 100-10-einingar, som er kirurgisk materiell tilstrekkeleg for å behandle 100 pasientar i 10 dagar.