nyhende
Norske påsketradisjonar før og no
Heilagdagane i Noreg har ein lang kristen tradisjon, men det kjem ikkje så tydeleg fram i måten mange nordmenn i dag brukar desse raude dagane på kalenderen. Kan vi risikere at dei blir til valfrie feriedagar?
Påskefjellet på ski med sjokolade og appelsin i sekken, lammesteik til middag, påskekrim i bok og på tv eller tur til varmare strøk. Dette er blant dei mest vanlege måtane mange nordmenn har feira påske i seinare år. Nokre tek òg ein rånetur over grensa til Strömstad i Sverige på skjærtorsdag, der dei ikkje har heilagdagsfri denne dagen.
Nordmenn har ein variert måte å bruke påskeferien på, men konservator og historikar Geir Thomas Risåsen ved Norsk Folkemuseum meiner det berre er eit mindretal av den norske befolkninga som tek del i den kristne påskebodskapen.
— Berre for nokre få generasjonar sidan var nordmenn sitt medvit om påsketradisjonar mykje sterkare, seier Risåsen.
Vere eit heilt menneske
Men først, kvifor har vi ferie i påska?
Tine Eidsvaag er førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet på Universitetet i Bergen og har arbeidsrett som spesialfelt.
Ho seier betalt ferie i Noreg er noko som først kom på slutten av 1800-talet.
— Då var det typografane som organiserte seg i fagforeiningar og fekk gjennom eit krav om tre betalte feriedagar i året.
I dag har dei fleste arbeidstakarar krav på fem veker ferie – og arbeidstakarar over 60 år har krav på ei veke til eller meir.
— Ferie er betalt fri og kjem frå eit behov for rekreasjon. Ein skal ha tid til å foreine familieliv eller privatliv med arbeidslivet, og kunne dyrke fritidsinteresser og vere eit heilt menneske ved sida av jobben.
Yrkesaktive har òg i utgangspunktet krav på fri på søndagar, heilagdagar og offentlege høgtidsdagar, men det er lov å jobbe desse dagane når det er nødvendig.
Kyrkja var sentral i feriedagane våre
Ser ein vekk frå vanlege søndagar, har vi ti heilagdagar i Noreg: nyttårsdag, skjærtorsdag, langfredag, første og andre påskedag, Kristi himmelfartsdag, første og andre pinsedag, første og andre juledag.
Ni av desse ti er knytt til kristne tradisjonar, men få av dei har mykje kristent igjen ved seg i måten vi markerer dei på.
— Hadde vi gått to generasjonar tilbake, hadde vi sett at medvitet om den kristne tradisjonen stod sterkare. Det har skjedd ei enorm sekularisering i Noreg frå 1970-talet og framover. Dei fleste er glade for å ha fridagar, men veit ikkje kva dei eigentleg handlar om, meiner Risåsen.
Påska er svært viktig som kyrkjelege heilagdagar. I Noreg er skjærtorsdag, langfredag og andre påskedag tre offisielle fridagar. Palmesøndag og første påskedag har vi søndagsfri frå før. Dei andre er høgtidsfridagar vi har fått frå Kyrkja.
— Pinsa er den tredje viktigaste kyrkjefesten i året. Berre første påskedag og første juledag blir rangert høgare. Pinsa blir feira til minne om at den heilage ande kom ned til disiplane, og dei byrja å forkynne Jesus bodskap, kristendommen. Difor blir pinsa rekna som Kyrkjas fødselsdag.
Lide som Jesus
Men kva var dei tradisjonelle, kristne tradisjonane i påska her i landet? Risåsen seier langfredag var den dramatiske dagen der det gjaldt å lide slik Jesus gjorde på korset.
— Då gjorde bøndene ofte det tunge og ukomfortable arbeidet. Nokre tok også småstein og grus i skoa for å lide seg gjennom dagen.
Det var òg vanleg å ete salt mat, som ertesuppe eller salt sild, for å tørste med Jesus.
— Påskeaftan, laurdagen, var ein roleg dag der alvoret av langfredag skulle søkkje inn. På første påskedag, søndagen, snur sorga til glede med Jesu oppstode, og det var ein festdag med god mat på bordet, fortel Geir Thomas Risåsen.
Med unntak av å ha første påskedag som festdag, med blant anna lammesteik til middag, er det lite ved påskefjellet og rånetur til Sverige som minner om å lide.
Risåsen fortel at tradisjonen med å dra på påskefjellet starta på slutten av 1800-talet i Noreg.
— Dette blei meir vanleg i borgarskapet i mellomkrigstida, men med auka velstand etter andre verdskrigen fekk folk flest høve til å kjøpe og byggje hytter og halde til i fjellet i påska.
Valfrie feriedagar?
Sidan dei færraste nordmenn brukar påska, pinsa og Kristi himmelfartsdag til kristne tradisjonar i dag, har det ført til jamlege diskusjonar om å skrote desse dagane som fastsette heilagdagar med betalt fri i Noreg, og i staden erstatte dei med betalt ferie på valfrie dagar.
Tine Eidsvaag ved UiB trur det kan kome negative konsekvensar av valfrie feriedagar, i staden for påske.
— Det kan bli ei fare for individualisering. Om arbeidstakarar på eiga hand skal forhandle med arbeidsgivaren sin om fri blir det dei med best forhandlingsutgangspunkt som kjem best ut.
Eit gode å verne om
Trass i at den kristne forankringa for påske tapar seg kvart år, trur Risåsen påskeferien vil bestå.
— Det er ei tid på året som markerer overgangen mellom vinter og vår. Å ha moglegheit til å bruke ho som fridagar, anten for å dra på fjellet eller noko anna, er eit gode vi ikkje kjem til å gi slepp på. Men om vi ser 10–20 år fram i tid, vil færre kjenne til den kristne tradisjonen med påske og pinse. Vi vil behalde retten til ferie desse dagane, men kva dei betyr vil færre vite noko om.