nyhende
Norske musikkorps har medlemsvekst – går 17. mai trygt i møte
Nasjonaldagen vår utan korpsmusikk er utenkjeleg for mange av oss. Då kan vi glede oss over at korpsrørsla er i framgang, og at dei 1596 norske korpsa i Norges Musikkorps Forbund hadde medlemsvekst i fjor. Det lovar godt for framtidige 17. mai-tog.
Det er fjerde året på rad med stor marsjfart i korpsrørsla. I fjor fekk Norges Musikkorps Forbund (NMF) 1517 fleire medlemer, ein auke på 2,54 prosent.
– Motverkar einsemd og demens
– No er det 61.125 medlemer i forbundet, og så mange har det ikkje vore på 13 år, fortel ein svært nøgd konstituert generalsekretær, Finn Arne Dahl Hanssen i Norges Musikkorps Forbund til Nynorsk pressekontor. Medlemstalet betyr at forbundet er den største frivillige kulturorganisasjonen her i landet.
Medlemene er fordelte på 1596 korps frå nord til sør. Dei utgjer 821 skulekorps, 615 vaksen- og ungdomskorps, 129 generasjonskorps, 27 drillkorps og fire ensemble. 267 av korpsa har vore i taktfast drift i meir enn 100 år.
Dei yngste som spelar er rundt ti år gamle, medan dei eldste musikantane er over 80. Generalsekretæren meiner musikkorps er ein arena som er viktig for å bøte på både einsemd og demens.
– Og det er ein aktivitet som gir glede og meining for både dei som spelar og dei som lyttar, slår han fast.
Halde på dei unge
Over halvparten av dei nye musikantane er barn og unge, men det viser seg at mange sluttar etter kort tid. I snitt er ein korpsmusikant med i skulekorps i underkant av tre år.
– Dette er felles for alle fritidsaktivitetar. Mange vil prøve, og så er det ikkje alle som vil halde fram. Vi har eit mål om å auke talet på tiåringar som byrjar og blir med vidare med 40 prosent, og å halde på 80 prosent av ungdommane i aldersgruppa 13 til 19 år, seier Finn Arne Dahl Hanssen.
Forbundet ynskjer at fleire skal vere med lenger, og i samband med det starta dei i fjor Ungdomsløftet. Denne satsinga har som mål å få fleire unge til ikkje å leggje instrumentet sitt på hylla, og det har gitt resultat.
– Vi rekrutterer kjempegodt, og derfor er det viktig at vi gjer korpsa gode på å halde på medlemene sine. Gjennom Ungdomsløftet gir vi ungdom meir medverknad i aktiviteten. Det er gjennom varig deltaking i korpset at vi veit vi kan skape robuste, smarte ungdomar som har ein stad dei kjenner seg heime, seier generalsekretæren i NMF.
Norsk vinnar av EM
For ikkje lenge sidan gjekk Europameisterskapen i korpsmusikk av stabelen i Stavanger, og resultatet der viser at det gror godt i skulekorpsa rundt om i landet og at dei kan hevde seg internasjonalt. I klassa for skulekorps gjekk Ytrebygda skulekorps frå Bergen av med sigeren, medan nabokorpset Sørås skulemusikk, som vann EM-tittelen i fjor og i forfjor, kom på tredjeplass i år.
Den sterkaste veksten i medlemsmassen til korpsa er likevel i aldersgruppa frå 26 år og oppover, og snittalderen var på 37 år i vaksenkorpsa.
– Eg er glad for veksten blant vaksne. Vi satsar mykje på ungdommane, men korps er ein livslang aktivitet. Spesielt moro er det å sjå at vi også har ein del aktive medlemer frå 70, 80 og til og med 90 år, seier Finn Arne Dahl Hanssen i Norges Musikkorps Forbund.
(©NPK)