nyhende

Norske legar er framleis negative til aktiv dødshjelp, viser ei undersøking. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Norske legar er framleis negative til aktiv dødshjelp, viser ei undersøking.

Norske legar framleis negative til aktiv dødshjelp

Over éin av tre yrkesaktive legar i Noreg er heilt mot aktiv dødshjelp, medan nær ni av ti ønskjer reservasjonsrett viss det blir tillate, viser ei undersøking.

Publisert Sist oppdatert

Studien viser at yngre legar og ikkje-religiøse legar er meir tilbøyelege til å støtte at det blir lovleg i Noreg med aktiv dødshjelp, samanlikna med eldre og religiøse kollegaer, skriv Legeforeininga i ei pressemelding.

Dødshjelp, som inkluderer både eutanasi og legeassistert sjølvmord, er ulovleg i Noreg i dag. Men det har vorte stadig meir debatt om tema i Noreg dei siste åra.

36,1 prosent av norske legar svarer at dei er heilt avvisande til å gjere aktiv dødshjelp lov i Noreg. 89,6 prosent svarer dessutan at dersom det skulle vorte lovleg, ønskjer dei retten til å nekte å utføre dødshjelp basert på eige samvit.

Ingrid Miljeteig, professor i medisinsk etikk ved Bergen senter for etikk og prioritering, maner til aktsemd med å bruke talmaterialet her som argument i ein debatt.

– Vi treng open dialog framfor polarisert debatt om dødshjelp. Dialog handlar om å utforske og forstå perspektiva til kvarandre, medan debatt handlar om å overtyde eller vinne ein diskusjon, skreiv ho i ein kommentar til originalartikkelen.

Undersøkinga vart publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening og inkluderte svar frå 2004 yrkesaktive legar under 70 år, med ein svarprosent på 79,3 prosent.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS