NPK-NTB: TV-reklame for sportsspel blir stansa inntil vidare og nettkasinoet skal gjerast mindre tilgjengeleg, opplyser Norsk Tipping.
– Norsk Tipping skal ikkje marknadsføre meir enn nødvendig, men tilstrekkeleg til at spelarane vel det regulerte tilbodet. Vi har lenge vore varsame med sportsspel-reklame på TV. No stoppar vi det heilt, seier kommunikasjonsdirektør Tonje Sagstuen i Norsk Tipping.
Bakgrunnen er at Discovery frå 15. august mellombels stansa reklame for utanlandske spelselskap på mange kanalar i Noreg etter krav frå styresmaktene. Dermed treng ikkje Norsk Tipping å vere like synlege som før. Dei gjer også nettkasinoet mindre tilgjengeleg.
– Det er eit mål at færrast mogleg skal prøve kasinospel på nett. Derfor blir direktetilgangen til nettkasino fjerna frå framsida på nettsida og mobilappen vår. Samtidig skal dei som aktivt oppsøkjer denne typen spel framleis kunne finne eit trygt og regulert kasino-tilbod hos oss, seier Sagstuen.
Sms-ar med informasjon om sportsspel blir òg stoppa, og selskapet skal bruke mindre pengar på å vere synleg og heller rette merksemda mot bodskap om ansvarleg speling.