nyhende

Norsk Oscar-historie: Seks nominasjonar, null vinnarar

Noreg har vore nominert til Oscar for beste framandspråklege film fleire gonger, men aldri vunne. Å lage god film er ikkje nok, forklarar ein filmekspert.

Publisert Sist oppdatert

Norske oscarvinnarar

  • Thor Heyerdahl fekk Oscarpris i kategorien beste dokumentarfilm i 1950 for «Kon-Tiki».
  • Torill Kove blei tildelt Oscar for beste animerte kortfilm i 2006 for «The Danish Poet.
  • I 2021 blei Liv Ullmann tildelt ein ærespris frå Oscar-akademiet.

«Ni Liv» (1957), «Veiviseren» (1987), «Søndagsengler» (1996), «Elling» (2001), «Kon-Tiki» (2013) og «Verdens verste menneske» (2021) er dei seks norske filmane som har vore nominerte til prisen for beste framandspråklege film (beste internasjonale film frå 2019) under Oscar-utdelinga i Los Angeles.

Likevel har Noreg aldri vunne den gjæve filmprisen. Til årets utdeling natt til 3. mars er det ingen norske filmar nominert til prisen.

Samtidig som Noreg står med null prisar i denne kategorien, har Sverige vunne tre gongar og Danmark fire. Det er det fleire grunnar til, fortel Audun Engelstad, professor i film- og medievitskap ved Universitetet i Innlandet.

Jack-Fjeldstad i «Ni-Liv» (1957).

God film ikkje godt nok

– «Veiviseren» var populær. «Elling» og «Kon-Tiki» sette kinorekordar. «Verdens verste menneske» er særeigen og skil seg ut ved å ha ein internasjonalt etablert regissør, medan «Søndagsengler» var ein nydeleg film og ei verkeleg lita overrasking, seier Engelstad til Nynorsk pressekontor.

Men å lage god film, er ikkje nok. Berre prosessen med å kome heile vegen til å bli nominert er lang og industritung, fortel han.

– Ein norsk komité vurderer dei aktuelle norske filmane og nominerer desse til Oscar-konkurransen. Komiteen har mange omsyn å balansere i i slike avgjerder. Det gjeld kva type omdømme filmen og regissøren har fått i festivallivet, og kva filmar som har nådd opp i det siste.

Filmen «Elling» er basert på romanen «Brødre i blodet» av Ingvar Ambjørnsen. Her frå innspeling i Oslo.

For å vinne, er det viktig å ha vore populær på filmfestivalane, spesielt filmfestivalen i Cannes. I tillegg er det til stor hjelp å ha regissør og skodespelarar som allereie er etablerte i USA.

– Det er gjennomgangsmelodien. Så må ein ha draghjelp frå amerikanske produsentar, og salsagentar for å lobbe filmen inn til akademiet som deler ut prisane.

– Det er eit stort apparat. Men nokre gonger greier filmar frå små filmnasjonar å kome inn. Det kan vere at dei plutseleg treff tidsånda eller har ei aktuell problemstilling og spennande nytt filmspråk, seier Engelstad, og nemner italienske neorealist-filmar som «Roma, open by» og «Sykkeltyvene» som døme.

– Må vinne for å vite

For årets nominasjonsliste valde den norske oscarkomiteen filmen «Armand», som har fått gode omtaler på fleire filmfestivalar. Men tidlegare har komiteane òg vald publikumsfavorittar.

– Det som skil seg ut med «Elling» og «Kon-Tiki» på 2000-talet, er at ein har gått for store publikumsfilmar. Det gjer ein ikkje kvart år. Det har vore store feel-good-filmar, men desse er risikable å velje, då det er mange andre filmar å konkurrere med i den kategorien.

– Men er det i det heile viktig med Oscarpris?

– Det merker ein først når ein har vunne han, seier filmprofessor Audun Engelstad.

– Ein Oscar hadde vore viktig for omdømet til norsk film. Det ville hjelpt på å løfte besøka for norske kinofilmar, auka arbeidsvilkåra, merksemda og sjølvtillita.

Gjengen frå «Verdens verste menneske» etter at at filmen blei nominert til Oscar i kategorien beste utenlandske film. Til høgre: Andrea Berentsen Ottmar (t.h.), Thomas Robsahm, Skuespiller Renate Reinsve, Anders Lie Danielsen, Joachim Trier og Eskil Vogt.
Powered by Labrador CMS