NPK: 1. januar skiftar den statlege verksemda Norsk kulturråd namn til Kulturdirektoratet. Rådet som forvaltar Norsk kulturfond vil behalde namnet Kulturrådet.
Norsk kulturråd er i dag namnet både på direktoratet og på rådet som forvaltar Norsk kulturfond. Det har vore fleire utgreiingar om Norsk kulturråd, og namnebyte har vorte anbefalt tidlegare. Verksemda får 1. januar 2023 namnet Kulturdirektoratet. Rådskollegiet beheld, i tråd med eige ønske, namnet Kulturrådet, skriv kultur- og likestillingsdepartementet.
– Med nytt namn gjer vi tydeleg kva avgjerder som blir tekne på vegner av regjeringa, og kva avgjerder som blir tekne på armlengds avstand, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).
Direktør Kristin Danielsen i Norsk kulturråd, seier namnebytet er ei god løysing.
– Den gjer tydeleg dei ulike rollene våre og gir betre oversikt for brukarane. Namneendringa vil synleggjere rolla vår som fagetat, og som ein viktig kunnskapsleverandør for kultursektoren, seier direktør Kristin Danielsen.
Namneendringa inneber ingen endringar i arbeidsoppgåver, lønningar eller tilsette.
– Kulturrådet og Norsk kulturfond har i meir enn femti år vareteke prinsippet om armlengds avstand. Dette er ei namneendring som vil gjere tydeleg dette prinsippet, seier leiar for rådskollegiet, Sigmund Løvåsen.