Heile 41 av 50 mottak for ukrainske flyktningar blir drivne av kommersielle aktørar, som Nasjonalt mottakssenter i Råde (biletet). Norsk Folkehjelp meiner pris betyr meir enn kvalitet når UDI vel blant anboda.FOTO: NPK
Norsk Folkehjelp skeptisk til UDIs anbodsordning for flyktningmottak
NPK-NTB: Heile 41 av 50 akuttmottak skal drivast av kommersielle aktørar. Norsk Folkehjelp meiner pengar betyr meir enn kvalitet for UDI.
Så langt har UDI inngått 50 avtalar om akuttinnkvartering av ukrainske flyktningar. Lista er dominert av kommersielle aktørar, med Hero Noreg som den største, skriv Klassekampen.
Den humanitære organisasjonen Norsk Folkehjelp hadde drive asylmottak i Noreg i over 30 år då dei sette strek i 2019.
– Vi opplevde at vi tapte fleire anbod. Anbodsperiodane var òg kortare. På eit eller anna tidspunkt var det ikkje forsvarleg. Det var altfor lite fokus på kvalitet og for mykje på pris, seier Henriette Killi Westhrin, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.
No skal likevel organisasjonen drifte eit senter for akuttinnkvartering på Gardermoen. Dette er utanom anbodsrunden for resten av mottaka.
Regionsdirektør Rune Holiløkk Vordahl i UDI seier at dei no har gått over til rammeavtalar for å sikre større føreseielegheit både for driftsoperatør og for UDI som oppdragsgivar.
Han ser ikkje bort frå at UDI kan vurdere ei eiga anbodsordning for ideelle aktørar.