nyhende

Staten utbetalte 2,7 milliardar kroner i støtte til dei vel 1,1 millionar hushalda som valde noregspris sør i landet før nyttår. Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB / NPK
Staten utbetalte 2,7 milliardar kroner i støtte til dei vel 1,1 millionar hushalda som valde noregspris sør i landet før nyttår.

Noregspris vs. straumstøtte: 1–0 i første omgang

Det første kvartalet med noregspris kosta staten vel 2,7 milliardar kroner. Det er 2.400 kroner per hushald – samanlikna med rundt 550 for straumstøtta.

Publisert Sist oppdatert

Det viser tal NTB har fått frå Energidepartementet. Dei er berekna av Reguleringsmyndigheita for energi (RME) og gjeld for oktober, november og desember.

Noregspris tredde i kraft 1. oktober. Tala er samanlikna med spotpris, gjeld for prisområda NO1 (Austlandet), NO2 (Sørlandet) og NO5 (Vestlandet) og inkluderer ikkje fritidsbustader.

Hushalda som fekk straumstøtte, fekk i same periode dekt inn 493,4 millionar kroner.

– Tala frå dei tre første månadene med noregspris viser at ordninga har stor effekt på lommeboka til folk og på den måten gir ein viktig tryggleik i kvardagen for mange familiar, slår energiminister Terje Aasland (Ap) fast.

Uklar innsparing

Det er likevel uklart nøyaktig kor mykje dei som har valt noregspris, samanlikna med andre alternativ, har spart. Ei slik oversikt må baserast på det reelle forbruket i hushalda, og desse tala er ikkje klare enno, opplyser Energidepartementet.

I dei tre prisområda NO1, NO2 og NO5 var det likevel litt over 1,1 millionar hushald med noregspris nyttårsaftan, ifølgje oversikta til Elhub. Totalt vart det altså utbetalt 2,7 milliardar kroner i støtte til desse før nyåret.

Fleire vil likevel ha komme til undervegs, og det er også hushald som starta perioden med straumstøtte, før dei seinare teikna avtale om noregspris.

557 kroner i snitt

Tala tilseier at kvart hushald med noregspris i snitt fekk 2.400 kroner i støtte. For dei 885.631 hushalda i regionane som hadde straumstøtte 31. desember, er inndekninga frå staten på 557 kroner i snitt.

Gitt at talet på hushald med straumstøtte fall gjennom perioden, var den reelle støtteutbetalinga per hushald likevel lågare.

Ordninga har stor effekt på lommeboka til folk, seier energiminister Terje Aasland (Ap).

Folk som har valt noregspris, betaler 40 øre per kilowattime utan meirverdiavgift. Ordninga inneber bindingstid fram til 31. desember 2026, før ein må velje sjølv om ein vil ha ordninga vidare frå 2027.

Det betyr at ein i sommarmånadene kan måtte betale høgare pris enn marknadsprisen. Altså vil ein først etter eitt år reelt kunne samanlikne ordningane.

Alle straumkundar må betale nettleige, avgifter og eventuelle påslag i tillegg. Folk som ikkje vel noregspris heime, får framleis straumstøtte.

Store forskjellar – statsråden ber folk ta vurdering

Rundt om i landet er det svært store forskjellar på kor vanleg det er å ha noregspris. Sørlandet ligg suverent i tet, med ein andel på 70,1 prosent, medan det er 55,9 prosent på Austlandet og 51,8 prosent på Vestlandet.

– Godt over ein million har valt noregspris allereie. No i dei kalde vintermånadene tilrår eg alle å gjere ei vurdering av om noregspris er eit rett val for dei, seier Aasland.

I Midt-Noreg (NO3) og Nord-Noreg (NO4) er ordninga langt mindre lønnsam for kundane, og andelen hushald som har ordninga der, er på høvesvis 3,3 prosent og 0 prosent.

Powered by Labrador CMS