nyhende
Noregs ti verste fylkesvegar er kåra
Den verste fylkesvegen i Noreg skal kårast. No er dei ti finalistane klare. – Mange andre vegar hadde også fortent å vere på lista.
– Det har vore svært vanskeleg å velje dei ti aller verste. Det finst altfor mange dårlege fylkesvegar, seier juryleiar Torill Eidsheim i Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV), som står bak kåringa.
OFV er ein interesseorganisasjon med rundt 60 medlemmer, blant dei trafikkorganisasjonar, bilimportørar, kollektivselskap, oljeselskap, forsikringsselskap og entreprenørselskap.
Fylkesvegane utgjer meir enn halvparten av vegnettet i Noreg, men har vorte vanskjøtta lenge, meiner ho.
– Fylka som vegeigar har fått ei umogleg oppgåve. Vi håpar dette bidreg til endring, seier Eidsheim.
Over 1500 nominasjonar er sendt inn frå folk over heile landet. Juryen, som består av representantar frå næringsliv og transportbransjen, har lagt vekt på tryggleik, framkomme og kor viktige vegane er for kvardagsliv, beredskap og næringsliv.
Vanskeleg å berre velje ti
Eidsheim understrekar at mange andre vegar også kunne fortent å vere på lista.
– Dette er eit kraftig varsku om at noko må skje. Finalistane viser på kvar sin måte korleis manglande vedlikehald gjer vegane farlege, lite framkommelege og ubrukelege for både folk, tungtrafikk og nødetatar, seier Eidsheim.
Statens vegvesen reknar vedlikehaldsetterslepet til nær 100 milliardar kroner, men regjeringa har berre sett av ein halv milliard i øyremerkte midlar i inneverande statsbudsjett, påpeikar OFV.
Fylkeskommunane får også tildelt frie midlar, men desse skal dekkje heile ansvarsområdet.
– Vi ser auka vilje til satsing, men det seier seg sjølv at dette ikkje er i nærleiken av nok. Jo lenger vi ventar, desto dyrare og farlegare blir det, seier Eidsheim.
Dei ti verste fylkesvegane
Dei ti finalistane er:
- Akershus – Fv. 33 Feiring
- Østfold – Fv. 1178 Gunnarstorp – Karlsøy
- Innlandet – Fv. 2434 Vest-torprunden
- Innlandet – Fv. 2158 Valmen – Sjøenden
- Vestland – Fv. 49 Steinsdalen–Eikedalen
- Vestland – Fv. 615 Storebru–Sandane
- Trøndelag – Fv. 776 Hofles – Romstad
- Trøndelag/Nordland – Fv. 17 Kystriksveien Asp – Lødingen
- Troms – Fv. 7768 Tromvik – Henriksvik
- Finnmark – Fv. 8850 Hesseng–Nyrud
Dei ti finalistane er no lagde ut til avstemming på norgesveier.no, og alle som vil, kan stemme på vegen dei meiner er verst. Den dårlegaste vegen blir offentleggjort 8. oktober.