nyhende

Bilete frå strekninga mellom Tveit og Kvednaneset, sommaren 2024. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Bilete frå strekninga mellom Tveit og Kvednaneset, sommaren 2024.

Noregs dårlegaste fylkesveg skal kårast

Noregs dårlegaste fylkesveg skal kårast. Folk blir bedne om å sende inn bilete av dårlege vegar rundt om i landet.

Publisert Sist oppdatert

– Politikarane har år etter år lova betre vegar. No får dei sjå kva folk over heile landet framleis må køyre på, seier direktør Øyvind Solberg Thorsen i Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV).

Dei står bak kåringa og ber folk sende inn bilete og beskrivingar av dårlege fylkesvegar på norgesveier.no. «Vinnaren» blir kåra i august.

Bakgrunnen for kåringa er det stadig aukande forfallet på fylkesvegane, ifølgje Thorsen.

Ein rapport frå OFV viser at 39 prosent av fylkesvegane har dårleg dekkestandard. Verst står det til i Nordland, Vestland og Buskerud.

Opplysningsrådet for veitrafikken skal kåre Noregs dårlegaste fylkesveg og ber bilistar sende inn bilete av dårlege vegar.

Statens vegvesen anslår at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane ligg mellom 86 og 96 milliardar kroner. Likevel er det berre sett av under 500 millionar kroner i øyremerkte midlar i statsbudsjettet for 2025, påpeikar Thorsen.

OVF meiner sjølve systemet for fordeling av statlege midlar ikkje fungerer. I dag blir store delar av statlege midlar fordelte etter kor stort vedlikehaldsetterslepet er. Fylka som har dei dårlegaste vegane, får dermed mest pengar.

– Det er både dyrt og lite framtidsretta. Fylkeskommunane må få insentiv til å halde ved like i tide, ikkje vente til krisa er eit faktum. Det undergrev arbeidet med å sikre eit vegnett folk og næringsliv kan stole på, seier han.

Powered by Labrador CMS