nyhende

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache skal halde pressekonferanse etter Noregs Banks renteavgjerd torsdag. Her frå ei renteavgjerd i fjor. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache skal halde pressekonferanse etter Noregs Banks renteavgjerd torsdag. Her frå ei renteavgjerd i fjor.

Noregs Bank held renta uendra – har ikkje hastverk med å setje henne ned

Noregs Bank har som venta vedteke at styringsrenta blir halden uendra på 4 prosent.

Publisert Sist oppdatert

– Jobben med å få bukt med inflasjonen er ikkje fullført, og vi har ikkje hastverk med å setje renta ned, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Sist renta vart sett ned, var i september. Då sa sentralbanksjefen at rentenedgangen truleg ikkje skjer like rask som dei såg for seg tidlegare i år.

Ned i løpet av det neste året

– Dersom økonomien utviklar seg om lag slik vi no ser for oss, set vi renta vidare ned i løpet av det næraste året, seier Wolden Bache.

Noregs Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet vurderer at det ikkje har komme ny informasjon som vesentleg endrar utsiktene for norsk økonomi sidan rentemøtet i september.

Prisveksten har lenge lege over målet, sjølv om den underliggjande inflasjonen no er rundt 3 prosent. Samtidig har arbeidsløysa auka noko, og kapasitetsutnyttinga i økonomien er tilbake på eit meir normalt nivå.

Kan bli behov for høgare rente

Noregs Bank har i år sett renta ned to gonger – frå 4,5 til 4 prosent – som ledd i ei gradvis normalisering av pengepolitikken.

Komiteen vurderer framleis at pengepolitikken må vere innstrammande for å få prisveksten ned. Eit for raskt rentekutt kan føre til at inflasjonen held fram med å vere høg, heiter det i pressemeldinga frå Noregs Bank.

– Skulle det bli utsikter til at prisveksten held seg oppe lenger enn anslått, kan det bli behov for ei høgare rente enn vi såg for oss i september, skriv banken vidare.

Alltid lurt å ta ein prat med banken

Forbrukarrådet minner om at sjølv om Noregs Bank ikkje set ned styringsrenta, treng ikkje det bety at du bør akseptere den renta du har på bustadlånet.

– Ein veldig stor del har ikkje eit aktivt forhold til bustadlånsrenta si. Høgst sannsynleg betaler alle dei det gjeld, mange tusen ekstra kvart år, avhengig av kor mykje gjeld dei har, seier Guro Sollien Eriksrud, fagansvarleg forbrukarøkonomi i Forbrukarrådet.

Sjeføkonom i Sparebank1 Sør-Noreg, Kyrre Knudsen, seier renteavgjerda torsdag var akkurat som venta.

– Dette var akkurat som venta. Det er positivt at Noregs Bank ikkje overraskar for mykje, og dette er godt i tråd med dei tidlegare signala deira.

Eigedomsmeklarar ønskjer seg lågare rente

Administrerande direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund er ikkje fullt så positiv.

– Inflasjonen er på veg ned, og internasjonalt blir rentene kutta. Men norsk pengepolitikk held fram med å ramme bustadbygginga hardt, seier Geving.

Han peikar på at nybygg er svært rentekjenslevart, og at høge finansierings- og byggjekostnader gjer nye bustader uoppnåelege for mange. Samtidig svekkjer høge renter lønnsemda i utleigemarknaden.

– Resultatet er at nybustadmarknaden går for halv maskin, tilbodet av leigebustader fell, medan marknaden for brukte bustader set omsetningsrekordar. Ubalansen mellom segmenta blir forsterka, seier Geving.

Powered by Labrador CMS