nyhende

For mange er lykke å vere saman og leike. Noreg var i fjor på 7. plass, men har no passert Nederland og er ifølgje undersøkinga det sjette lykkelegaste landet i verda.

Noreg rykkjer oppover igjen på FNs lykkemåling

Noreg er det 6. lykkelegaste landet i verda, ifølgje den årlege lykkeundersøkinga, der vi rykkjer opp éin plass. Likevel er vi mindre lykkelege enn resten av Norden. Samtidig fell lykka blant unge i Vesten.

Publisert

Den årlege lykkerapporten, World Happiness Report, blir lansert kvart år i tilknyting til FNs internasjonale lykkedag. Dei nordiske landa toppar lykkelista i verda. 

Finland er framleis det mest lykkelege landet i verda, melder Folkehelseinstituttet. Det har dei vore i dei ni siste åra. 

Deretter er landa i år rangerte med Island på andreplass, følgd av Danmark, Costa Rica og så Sverige som nummer fem. 

Noreg var i fjor på 7. plass, men har no passert Nederland og er ifølgje undersøkinga det sjette lykkelegaste landet i verda i verda. Landet heilt nedst er som tidlegare år, Afghanistan. På dei nest siste plassane er Malawi og Sierra Leone. 

Sosiale medium

Forskarane merkjer seg at det er fall i lykka blant dei unge i vestlege land. Dei ser at moderat bruk av sosiale medium heng saman med høgare trivsel, medan høgt forbruk kan redusere trivsel, særleg blant jenter, viser undersøkingane.

Søsken er saman og baker. Lykkerapporten har vore gitt ut kvart år sidan 2012.

Jan-Emmanuel De Neve er ein av lykkeforskarane på Oxford-universitetet som jobbar med rapporten. Han seier at dei har funne ein klar samanheng mellom lykke og lengda på tida ein er i sosiale medium og typen plattform ein bruker.

– Høgt forbruk er assosiert med mykje lågare velvære. Samtidig ser dei som held seg unna sosiale medium, at dei går glipp av ein del positive effektar. Vi må prøve å få det «sosiale» tilbake i sosiale medium, meiner han. 

Generalsekretær Catharina Bu i FN-sambandet meiner at mellom anna nettmobbing tyder på at mange unge og barn opplever lågare trivsel på nett. 

– Det er merkbart i politikken som foreslår mindre skjerm i skulen. Forsking viser samtidig at det er samansett. Det handlar også om korleis ein bruker teknologi, seier ho. 

Noregs utvikling

Forskarane meiner at sidan fem av dei seks landa på toppen av lista er nordiske, så tyder det på at velferdsmodellen i desse landa i stor grad tilfredsstiller menneskelege behov.

Likevel om ein ser på utviklinga for Noreg sidan 2011, så har det vore eit fall. Tidlegare har vi lege høgare på lista, og i 2016 var vi det lykkelegaste landet i verda. 

Venner på skulen saman i friminuttet. Fredag feirar FN den internasjonale lykkedagen.

– Årsakene til nedgangen er sannsynlegvis samansette. Det kan handle om aukande økonomiske utfordringar, sosial ulikskap, framtidsuro, krig, etterverknader av pandemien og moglege effektar av sosiale medium, skriv lykkeforskarane. 

Regjeringa driv også lykkearbeid: I 2025 lanserte dei ein nasjonal livskvalitetsstrategi som skal vise målinga av god livskvalitet og korleis dette skal brukast for å utvikle politikken og leggje til rette for utjamning av sosiale forskjellar i livskvalitet.

Verda er bekymra

Den store kartlegginga viser at negative kjensler aukar globalt, særleg bekymring, medan sinne har gått ned. Samtidig er positive kjensler framleis omtrent dobbelt så vanleg som negative. 

Gutar trenar handball. Dei nordiske landa toppar framleis verdas lykkelegaste.

I Aust-Europa har mange land hatt stor framgang i livstilfredsheit over fleire år, og ein ser ei tilnærming mellom dei austlege og vestlege delane av Europa. Også i enkelte land i Asia, Afrika og Latin-Amerika har det vore tydeleg framgang. 

Samtidig har utviklinga gått nedover i land som er prega av konflikt, politisk ustabilitet eller alvorlege økonomiske kriser som Afghanistan, Libanon og Venezuela.

USA nummer 23

Fleire tradisjonelle industriland som tidlegare har rangert høgt, som Canada, Austerrike og Australia har i 2026 falle ut av topp ti. Sveits greidde å krabbe seg opp til plass 10. USA er på 23. plass, medan Israel er på 8. plass. Iran, som dei to landa i vår gjekk til krig mot, ligg på 97. plass. Palestina, som er okkupert av Israel, er på 109. plass. 

Etter den langvarige krigen som Russland fører mot Ukraina, ser vi at Ukraina er på 111. plass og Russland på 79. plass.

Lykkerapporten i verda har vore gitt ut kvart år sidan 2012. Den gir ei oversikt over den subjektive livskvaliteten globalt. Det er henta informasjon frå 147 land. Mange tusen menneske i alle landa svarer på spørsmål på ein skala frå 0-10. 

Powered by Labrador CMS