Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Noreg på kryss og tvers – og ein tur til Grønland
June Framnes Dyngen (27), frå Sveio midt i leio, vaks opp i det ho sjølv kallar ein ganske vanleg familie. I barndomen var ho alltid med på det som skjedde, heilt vanleg aktiv. Det var først etter førstegongstenesta at ho la ut på friluftsopplevingar litt utanom det vanlege.
June trødde sine barnsbein i Sveioåsen, på Sveio barnehage og Sveio skule. På fritida var ho innom litt av kvart, frå fiolinspeling og barnekor til fotball. Etter barneskulen søkte hos seg til Skeisvang vidaregåande og eitt år som utvekslingsstudent i Michigan, USA.
Tidleg bestemte ho seg for at ho ville avtena førstegongstenesta sjølv om ho kunne ha sloppe, sidan kullet hennar var det siste utan verneplikt. Det var det første året i forsvaret som vekte friluftsinteressa hos sveiojenta.
Spolar me fram nokre år til, er June ferdig med førstegongstenesta, har gjennomført sjukepleiarutdanning i Bodø, har arbeidd eitt år som sjukepleiar og tatt krigsskule på Setermoen i Troms.
I dag arbeider ho i Forsvaret som troppssjef for ein sanitetstropp i Huseby leir i Oslo. I løpet av desse åra har ho og sambuar Eyvind Martinsen, som ho møtte i førstegongstenesta, lagt ut på mange minnerike turar. Me skal få høyra om tre av dei.
Noreg på tvers til fots
– Første skikkelege langturen gjekk til fots frå Oslo til Bergen i 2017, fortel June til Vestavind.
– Det var tunge sekkar, telt, kokeapparat, sovepose, Eyvind og eg. Ingen av oss hadde noko særleg erfaring utover det me fekk i førstegongstenesta.
Paret brukte 18 dagar av sommarferien sin på å gå over 400 kilometer med vegar og DNT-stiar i norsk natur og vêr. Heilt knirkefritt gjekk det ikkje.
– Eg er ikkje så glad i å planlegga. Eyvind er det, men han er kanskje ikkje så god, humrar June.
– Me hadde gått i fem dagar då me skulle overnatta på den første DNT-hytta. Det var dårleg vêr den dagen så me såg fram til litt luksus. Kor var DNT-universalnøkkelen? Den hadde han gløymd! 100 prosent hans ansvar, slår ho fast, men me heldt moralen oppe. Det blei ein heftig tur som gav meirsmak!
Fiskestong hadde dei også med seg, men det blei ikkje ein einaste fisk.
Noreg på langs på sykkel
I 2020 fekk dei lyst til å prøva noko nytt. Derfor bestemte dei seg for å sykla Noreg på langs. Rett i underkant av 3.000 kilometer på 21 dagar frå Nordkapp til Lindesnes.
– Me hadde lyst til å sjå deler av Noreg me ikkje hadde sett før. Me kjøpte oss hybridsyklar med sykkelvesker i mai og sette oss på flyet nordover i juli, hugsar June.
Heller ikkje denne gongen skulle det gå heilt knirkefritt.
– Planlegging, der har me eit forbetringspotensiale, innrømmer ho.
– På flyplassen fekk me beskjed om at syklane måtte pakkast i sykkelbag. Det hadde ikkje me. Eyvind tok taxi til Jessheim og kjøpte dei to siste i butikken, så me kom oss av garde.
Ruta blei til undervegs. Det var fleire tunnelar som ikkje var lov å sykla gjennom, og då måtte dei ofte ta lange omvegar. Syklane viste seg å vera for tungt lasta, noko som førte til at fleire av spilene rauk. Dette fekk dei fiksa, og utstyr som ikkje blei brukt blei sendt heim med posten.
– På veg inn til Lofoten hamna eg i grøfta og punkterte eit dekk, takk vere ein bil som passerte oss på eit noko ufint vis. Heldigvis hadde me reserveslange. Einaste problemet var at det viste seg å vera feil slange. Eyvind skunda seg til Svolvær og rakk butikken akkurat. Forbetringspotensiale som sagt, ler June.
Forutan ei natt på hotell i Trondheim og ei på Beitostølen, sov dei i telt heile turen sør til Lindesnes. Frå Lindesnes og heim var dei takknemlege for å bli køyrd. 21 dagar på eit sykkelsete tek på.
Over Grønland på ski
Oktober 2023 googla June Bergans adventure, eit firma som mellom anna arrangerer gruppeturar over Grønland. Dei hadde éin ledig plass i ei gruppe på ti personar som skulle kryssa øya på ski mai/juni 2024. Dagen etter hadde ho bestemt seg og meldt seg på.
– Eg hadde gått ein del skiturar før, både på Hardangervidda og Finnmarksvidda, men tenkte det hadde vore gøy å gå litt lenger. Eg hadde vore mykje ute på vinterstid med jobben, på skimarsjar og den slags.
June kjente ingen frå før, men saman med dei andre deltakarane og ein guide flaug dei til Kangerlussuaq på vestkysten av Grønland ein maidag i 2024. Her gjorde dei dei siste førebuingane før ekspedisjonsstart neste dag. Personleg utstyr måtte ein ha sjølv, men arrangøren stod for ting som pulk, telt, kokeutstyr, mat og anna ein måtte trenga på ferda.
– Me blei køyrd med buss fram til isen, cirka ein halvtimes tur. Derfrå var det 200 meter med bering av utstyr før me gjekk til fots på is i ein og ein halv dag. Me måtte bruka stegjern av og til for det gjekk bratt opp. Etterpå gjekk resten av turen på ski med pulk og dagane var ganske like.
Heile turen i isøydet tok 26 dagar og var fylt av rutinar frå morgon til kveld. Dei var to i kvart telt og ho kom heldigvis godt overeins med teltkameraten.
Padla mellom isberg
– Dagen starta med at me stod opp, laga oss mat, kokte vatn og andre morgonrutinar. Det tok cirka to timar før me var klare til å gå. Då gjekk me i 50 minutt og hadde pause i ti. På ein vanleg dag hadde me åtte slike etappar. Så måtte me slå leir for natta.
Gradestokken dei hadde med seg gjekk ikkje lenger ned enn til minus 30, men det var nok kaldare enn det. Den varmaste temperaturen dei registrerte var minus 9. Mot slutten av turen kom det ein storm som gjorde at dei blei liggande vêrfast i telta i tre dagar.
– Me måtte grava vindmur og grava telta ned før stormen trefte. Eg sov uroleg første natta, ein høyrer det godt i teltduken når det bles storm på utsida.
Etter 26 dagar var skituren over, og mens utstyret tørka og dei venta på å ta flyet heim, fekk dei sjå seg om i området rundt byen Tasiilaq sør-aust på Grønland. Då padla dei mellom isberg i strålande vêr.
– Noko av det beste var naturopplevinga. Det å vera så isolert og kopla heilt av frå kvardagen og berre nyta naturen. Eg fekk ikkje tak i nokon og ingen fekk tak i meg.
Til sjøs med «Athene»?
Når Vestavind spør om June har nye turplanar, kan ho fortelja at det er ein kabal med jobb og den slags, men at Eyvind og ho har kjøpt seg båt, seglbåt.
Denne sommaren har dei brukt på å læra seg å segla. Ønsket er å legga ut på ein lengre seglas sommaren 2025.