nyhende
Noreg manglar mjølk, men mange bønder må betala for overproduksjon
Sjølv om det vart produsert for lite mjølk i fjor, måtte om lag 1000 bønder betale 27 millionar kroner for overproduksjon. Beløpet er lågare enn før.
Statistikk NTB har fått frå Landbruksdirektoratet for åra 2015-2023, viser at den totale overproduksjonsavgifta som er samla inn desse åra, er på 424 millionar kroner.
I snitt har den totale innbetalinga vore på 47 millionar kroner i året. Dermed var den innkravde summen godt under snittet i fjor.
Det som likevel gjer fjoråret interessant, er at det har vorte produsert om lag 1 prosent for lite mjølk, noko som har bidrege til at Tine har vore nøydde til å importere mjølkepulver frå utlandet til produksjonen sin.
Skal hindre overproduksjon
Den såkalla overproduksjonsavgifta blir gitt til bønder som produserer meir mjølk enn den kvoten dei har fått. I fjor gjaldt dette over 1000 mjølkebønder, ifølgje direktoratet.
Det er likevel også mange som produserer mindre enn kvoten sin.
Formålet med avgifta er å avgrense overproduksjon, men i fjor enda ein altså med underproduksjon.
Avgifta er på 4,9 kroner per liter, både kumjølk og geitemjølk.
Summane som er oppgitt, gjeld både for ku- og geitemjølk, men geitemjølk utgjer ein veldig låg del av totalen og stod for 225.929 kroner i overproduksjonsavgift i fjor.
Mjølkebønder får ein milliard
Onsdag la mjølkeprodusenten Tine fram årsresultatet sitt, som enda på 1,2 milliardar kroner etter skatt.
1 milliard kroner går no tilbake til eigarane, som er 8000 norske mjølkebønder, altså ein langt større sum enn det nokre av dei må betale i avgift for overproduksjon. Dei får 77,3 øre per liter mjølk dei har levert.
Tine tok imot snautt 1,29 millionar liter kumjølk i fjor, noko som er ein nedgang frå 1,35 millionar liter året før.
Beklagar mjølkeunderskot
Tine har fått kritikk fordi det har vorte produsert mindre mjølk enn det marknaden treng.
Samvirket har ansvaret for marknadsreguleringa og skal dermed sikre at det er ein balanse mellom behovet i marknaden og mengda som blir produsert.
– For alle oss som set stoltheita vår i å produsere norsk mat av norske ressursar, er det få ting som smertar oss meir enn når det må bli import for å dekkje eit mjølkeunderskot. Det hjelper ikkje at det dreier seg om 1 prosent. Det er ein vond prosent, sa styreleiar Marit Haugen i ei pressemelding frå Tine i samband med årsresultatet.
Ifølgje styreleiaren kjem mjølkemangelen av større etterspurnad enn Tine hadde rekna med, for lite og for dårleg fôr og at bøndene ikkje har økonomi til å produsere meir.