nyhende
Noreg har aldri teke imot fleire flyktningar enn i fjor
35.700 flyktningar vart busette i Noreg i 2022. Dette er det desidert høgaste talet på flyktningar som Noreg har teke imot på eitt år, ifølgje SSB.
Totalt innvandra litt over 75.000 ikkje-nordiske statsborgarar til Noreg i fjor, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) sin statistikk.
Det rekordhøge talet på innvandringar kjem først og fremst av mange flyktningar frå Ukraina. I mars 2022 innførte norske styresmakter mellombels kollektivt vern for ukrainarar etter at russiske styrkar angreip landet 24. februar.
Flukt var viktigaste innvandringsgrunn i 2022. Totalt tok Noreg imot 35.700 flyktningar – det høgaste talet nokosinne. Det høgaste talet tidlegare var i 2016 då 15.200 flyktningar fekk opphald, mange på grunn av krigen i Syria.