NPK: Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) opplyser at talet på HV-soldatar som øver kvart år skal aukast frå 70 prosent i dag til 80 prosent. I tillegg er det løyvd 15 millionar kroner ekstra til kurs- og kompetanseheving for befal i Heimevernet.
Talet på HV-soldatar i områdestrukturen blir auka frå 37.000 til 37.500. Auken skal vere fullført innan utgangen av 2023, og soldatane skal vere klare til å gjennomføre årleg trening frå 2024. I forsvarsbudsjettet for 2023 vart Heimevernet styrkt med 127 millionar kroner.
– HV-distrikta blir styrkte med personell med lokal tilknyting, og det er i stor grad dei distrikta som tidlegare har vorte nedbemanna som no blir styrkte, siger Bjørn Arild Gram i ei pressemelding.

Oslofjord heimevernsdistrikt HV-01 vert tildelt ein tropp på 35-40 soldatar.
Agder og Rogaland heimevernsdistrikt HV-08 vert tildelt fem troppar på 35-40 soldatar.
Bergenhus heimevernsdistrikt HV-09 vert tildelt to troppar på 35-40 soldatar.
Møre og Fjordane heimevernsdistrikt HV-11 vert tildelt ein tropp på 35-40 soldatar.
Trøndelag heimevernsdistrikt HV-12 vert tildelt ein tropp på 35-40 soldatar.
Sør-Hålogaland heimevernsdistrikt HV-14 styrkes med tre troppar på 35-40 soldater for å øke evnen til tilstedeværelse i Bodø-området og ved Europavei 6.