Frå 2017 har det vore ein markant auke i salet av blodsukkersenkjande medisinar som blir brukte til behandling av diabetes type 2 og alvorleg overvekt.
Ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) har salet av medisinar som senkar blodsukkeret, auka dei siste 20 åra. Samtidig har salet av insulin, som blir brukt til behandling av personar med diabetes type 1, berre hatt ein svak auke.
Auken i salet av legemiddel som senkar blodsukkeret, er på heile 39 prosent frå 2017 til 2021. FHI meiner auken kan komme av at det ikkje berre er type 2-diabetikarar som bruker desse medisinane. Dei same medisinane har også vorte godkjende til behandling av hjartesvikt, nyresvikt og fedme.
– Det kan også ha samanheng med fleire nye tilfelle av diabetes type 2, at fleire tidlegare ukjende diabetestilfelle blir diagnostiserte, og at dei som har diabetes, lever lenger og har eit betre behandlingstilbod, seier seniorrådgivar Live Storehagen Dansie i FHIs avdeling for legemiddelstatistikk.
Tala kjem fram i rapporten Legemiddelforbruket i Noreg 2017–2021. Her har FHI henta salsdata frå både Grossistbasert legemiddelstatistikk og Reseptregisteret.