nyhende

Netflix, HBO Max og Viaplay er dei mest populære strøymetenestene i Noreg. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Netflix, HBO Max og Viaplay er dei mest populære strøymetenestene i Noreg.

Nordmenn er i europatoppen på å seie opp strøymetenester

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Gjennomsnittsnordmannen har tilgang til nær tre strøymetenester, men vi er òg kjappe til å seie opp abonnementa.

75 prosent av nordmenn har tilgang til éi eller fleire strøymetenester, ifølgje ei undersøking frå Deloitte, som er omtalt av Aftenposten.

I gjennomsnitt abonnerer nordmenn på 2,84 ulike tenester. Netflix, HBO Max og Viaplay er dei mest populære.

Sjølv om dei tradisjonelle TV-kanalane satsar stort på strøymemarknaden, er det dei dedikerte strøymetenestene som veks mest, og ganske nyetablerte Disney+ konkurrerer allereie med Viaplay om tredjeplassen.

Undersøkinga tek for seg tolv europeiske land, og blant dei er Noreg leiande på å seie opp abonnement. 23 prosent av dei spurde nordmennene fortalde at dei sjølv eller nokon i husstanden, hadde sagt opp ei strøymeteneste dei siste tolv månadene.

Rådgivar Joachim Gullaksen i Deloitte Consulting seier til Aftenposten at den norske marknaden truleg har nådd eit mettingspunkt.

– Strøymeselskapa klarer ikkje å halde oppe veksten, og resultatet blir ein sterkare konkurranse om pris, seier han.

Marianne Massaiu i mediebyrået GroupM trur det blir ein nedgåande trend å behalde strøymetenester av gammal vane. Ho meiner at innhald og brukargrensesnitt blir avgjerande for kva for tenester som kjem sigrande ut av den harde konkurransen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS