nyhende

Tre medaljevinnarar på premiepall i klatrehall medan nokon fotograferer dei.
Ingrid Kindlihagen kunne jubla for nordisk gull i buldring. Clara Stricker (t.v.) frå Danmark blei nummer to, medan svenske Emilia Andersson tok tredjeplassen.

Nordisk gull til Ingrid Kindlihagen

Berre éi veke etter at NM-gullet glapp, slo Ingrid Kindlihagen frå Sveio tilbake med siger i nordisk meisterskap i buldring.

Publisert

I helga vart nordisk meisterskap i buldring arrangert i Lerum utanfor Gøteborg. Over 240 av dei beste klatrarane i Norden deltok, og i seniorklassen for kvinner stilte 38 utøvarar til start.

Kindlihagen, som representerer både Haugaland klatreklubb og Noreg, leverte sterkt allereie i kvalifiseringa. Der vart ho nummer tre og tok seg vidare til finalen som ein av åtte utøvarar.

Best i finalen

I finalen var sveibuen best av alle. Med 99,6 poeng klatra ho seg opp to plassar og sikra seg gullmedaljen.

Clara Stricker frå Danmark tok andreplassen med 84,2 poeng, medan svenske Emilia Andersson vart nummer tre med 83,7 poeng.

Under same meisterskap tok karmøybu og klubbkollega Heine Rissingård ein 11. plass i U17-klassen i sitt første internasjonale meisterskap.

– Det er kjekt. Eg har nokre andreplassar frå tidlegare år, så det var fint å gå heilt til topps i år, seier Kindlihagen.

Ho fortel at ho såg på seg sjølv som ein av favorittane før meisterskapet, men understrekar samstundes at konkurransen var open.

– Det var mange sterke utøvarar med, så det kunne fort ha gått fleire vegar.

Blikket mot EM

Ho rangerer sjølv sigeren høgt, sjølv om det ikkje er den største i karrieren.

– Eg set nok nokre av dei internasjonale meisterskapa endå høgare, men dette er det største ein kan vinna i Norden, så det betyr mykje.

NM og nordisk meisterskap vart sesongopninga for Kindlihagen. I månadane som kjem ventar både europacup, verdscup og ikkje minst sesongens store mål: europameisterskapet i Barcelona i juni.

– Målet er å koma til semifinalen og enda blant dei 20 beste. Eg har klart det før, men det er aldri noko ein kan ta for gitt, seier buldraren frå Rophus, som no kan smykja seg med NM-sølv og tittelen som nordisk meister.

Powered by Labrador CMS