nyhende

Nord-Noreg får fint ver i helga og til veka. I sør vert det våtare.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Nord-Noreg får fint ver i helga og til veka. I sør vert det våtare.

Nord-Noreg er vêrvinnaren, regn venta i sør

Inn mot helga er det venta kraftig nedbør på Sørlandet, Austlandet og Vestlandet. I Nord-Noreg held opphald og gode temperaturar fram.

Publisert Sist oppdatert
– Det er veldig fine dagar i Nord-Noreg no. Landsdelen ser ut til å bli ein vinnar grovt sett, både i denne og neste veke, seier meteorolog Aslaug Skålevik Valved ved Meteorologisk institutt til NTB.

Ho fortel at det til helga kan komme over 20 grader fleire stader i nord, og det er lågt sannsyn for nedbør. Samtidig kan det komme noko lokal tåke og ettermiddagsbyer, særleg på kysten.

– Men tåka vil nok letne med sola, seier meteorologen.

Regn i sør, aust og vest

På Austlandet, i Sør-Noreg og på Vestlandet er det venta regn. Natt til fredag vil det komme ein god del regn på Austlandet, særleg i Innlandet og opp mot Trøndelag.

Nedbøren er venta å vare gjennom helga, og vil ikkje komme som byer, men som jamt, mykje regn.

– Det er venta store mengder. Vatnet vil nok trekkje ned i jordlaga. Det er positivt for plantevekst, og er bra med tanke på skogbrannfaren og landbruket. Regnet er etterlengta, viss det kan vere ei trøyst i ferietider, seier Valved.

Fallande temperaturar

Det er sendt ut gult farevarsel for torevêr med mykje lyn for delar av Midt-Noreg, kjem det fram på yr.no. Det kan føre til lokalt kraftige regnbyer.

Valved opplyser at temperaturen vil gå noko ned i Bergen i helga som følgje av eit lågtrykk frå vest, men det blir varmare igjen neste veke. Byen vil mest sannsynleg få regnvêr både i helga og neste veke.

– I Bergen peikar denne fredagen seg ut som den beste dagen, seier meteorologen.

Temperaturane i Oslo-området ser også ut til å vilje falle.

– Men det vil nok opplevast som varmt også neste veke, med litt over 20 grader, seier ho.

Skogbrannfare

Det er for tida pågåande gult farevarsel for skogbrannfare i Finnmark, Møre og Romsdal og delar av Austlandet. Valved fortel at vêret i Nord-Noreg kan gi stigande skogbrannfare i Finnmark.

– Det er grunn til å følgje med på skogbrannfaren på Vestlandet og i Nord-Noreg framover. Generelt er det framleis aukande fare for skogbrann, seier ho.

Om helga neste veke seier Valved at det er større sjanse for fint vêr på Austlandet samanlikna med i Nord-Noreg og på Vestlandet. Og det er framleis håp om ei fin veke i Nord-Noreg også neste veke.

Powered by Labrador CMS