nyhende
Nokon fekk 57.000 kroner. Ein annan fekk 7 kroner.
Grasrotmidlane frå Norsk Tipping for første tertial 2022 er klare. Meir enn 270.000 kroner fordelast på lag og organisasjonar i Sveio.
Det er ikkje overraskande at det er Sveio idrettslag som har flest gåvmilde givarar mellom tipparane.
288 personar har sytt for ei overføring på 56.912 kroner til idrettslaget.
Grendehus fekk 7 kroner
Mellom dei som kanskje kunne ønskt seg at fleire tipparar valde ut akkurat dei som mottakar av grasrotandelen er Norsk Bridgeforbund, Haugland krets. Her birdrog to sveibuar med til saman 17 kroner.
Annonse
Og éin person syt for at Vikse grendehus får ein skjerv på 7 kroner.
Diabetesforbundet scorer høgt på lista. Både fylkeslaget i Rogaland og regionlaget for Haugesund og Omegn får tilsynelatande ein god del frå lokale tipparar. Men årsaka til dette er at desse organisasjonane har postadresse i Sveio.