nyhende
Noko av verdas beste brennevin blir laga i Sveio
Gin med smaksekstrakt frå bær plukka i skogen i Sveio er ein av verdas alle beste. Det har eit samrøysta dommarpanel under ein anerkjend brennevinskonkurranse i San Fransisco slått fast.
— Me var veldig overraska og glade då me fekk beskjed om at ginen me lagar har fått dobbelt gull. Det er ei utmerking som heng veldig høgt hos spritprodusentar i verda, seier Reidar Horneland.
Han er dagleg leiar i verksemda Hiernagla Brenneri, som sidan 2019 har destillert edle dråpar i produksjonslokalet i Ekrene næringspark.
Det var i konkurransen «San Fransisco World Spirits» dei fekk den store anerkjenninga. Kåringa skjer gjennom ein blindtest, og om alle dommarane tildeler produktet eit gull-stempel, då får dei den høgt hengande utmerkinga «Dobbelt gull».
Og det har altso no ein gin frå Sveio i litle Noreg fått. Det var produktet «Værbitt skogsbær gin» som fekk dobbelt gull.
Også under ein brennevinskonkurranse i England, «London Spirits Competition» skåra det same Sveio-produktet høgt nyleg, og var tildelt sølvmedalje.
Vanskeleg marknadsføring
Hiernagla brenneri på Ekrene er framleis i ein oppstartsfase. Seks personar, fordelt på førebels 1,3 årsverk, jobbar med det som gründerane håpar skal bli ei lønnsam bedrift.
— Førebels handlar det om å ha nok investeringskapital til å halde på vidare, seier Horneland.
Dei gjeve utmerkingane dei no har fått vil utvilsamt bidra til å gjere produkta deira kjende, gjennom medieomtale.
— Me har jo ikkje lov til å marknadsføre alkoholhaldige produkt i Noreg, seier han.
Han ønskjer ikkje å gå i djupna om kva han meiner om det, men legg til grunn at dei strenge reglane er like for alle i Noreg.
— Det er politikk, og eg forstår jo kvifor det er slik. Men det er klart, dei store aktørane som kan reklamere i heile verda, dei når jo også nordmenn med sin marknadsføring, seier han.
Likevel prøver dei så godt dei kan å få til verdiskaping i verksemda si.
— Og det er kjekt å få fremja norske produkt på denne måten i utlandet, seier han.
Whisky på veg
Førebels har dei berre produsert nokre tusen flasker av to forskjellige gin, Værbitt Skogsbær og Værbitt Havbris.
Lokale vinmonopol har dei i hyllene sine, og dei finst i Vinmonopolet sitt bestillingsutval. Det betyr at uansett kor ein bor i Noreg kan ein be det lokale bestille varene.
Om ei stund er også den første whiskyen frå Hiernagla brenneri klar.
— Den blei sett på fat sommaren 2020. Den må stå minst tre år før den kallast whisky. Utover det er det modning og smak som bestemmer når det blir klar for marknaden, seier Horneland.