nyhende
— Noko av det eg likar best er å planlegge arrangement i butikken
«Hei, sveibu!»-spalta gjorde comeback i Vestavind førre veke. Denne veka har me slått av ein liten prat med Åse Katla.
— Kva gjer du til dagleg?
— Eg jobbar på Eventyrlig Bok Leker Interiør og i Salamanderen Barn & Fritidsklær. Noko av det eg likar best er å planlegge arrangement i butikken. Det mest spesielle i år var besøk av kokken Ida Marie som laga middag inne i klesbutikken. Nå skal vi i gang med «Ugly christmas sweater» – det blir gøy! Her tar du med ein genser heimefrå og så har vi alt du trenger til den på arrangementet. Elles syng eg i kor Camena på Bleikmyr og vi har alltids plass til fleire medlemmer.
— Kva er det beste med å vere sveibu?
— Det er at det er så landleg, men likevel nært til Haugesund. Eg er innflyttar og vaks opp på Norheim/Vormedal på Fastlands-Karmøy.
— Er det noko du saknar i Sveio?
— Betre bussforbindelsar på dagtid og kveldstid. Eg saknar også eit kulturhus.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Eit av dei beste må vere her på jobben, då me løfta taket med «Damenes aften», og Lystgass spelte for oss.
— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
— Eg vil framsnakke Stig Roar Lier Habbestad som ikkje gav opp, men lot det stå til slik at Sveio endeleg får vinmonpol!