nyhende

Sveio kommune med nytt tilbod:

Solveig Gravelsæter vert ny kreftkoordinator i Sveio.ARKIVOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Solveig Gravelsæter vert ny kreftkoordinator i Sveio.ARKIVOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

No startar helsestasjon for seniorar opp i Sveio

Sveio kommune lanserer i desse dagar eit nytt helsetilbod til sine friske seniorar. Målet at dei skal halde seg friske så lenge som mogeleg.

Publisert Sist oppdatert

I første omgang handlar det nye tilbodet om at ein person med helsefagleg kompetanse kjem heim til deg, for å ha ei samtale med deg. Samtalen skal væra motiverande og handla om kva ønskjer og forventningar du har til din kvardag og framtid.

Det er geriatrisk sjukepleiar Solveig Gravelsæter som er fagpersonen og det nye tilbodet sitt andlet. Det skal ho vere i halv stilling, samstundes som ho har halv stilling som sjukepleiar i heimetenesta.

Heimebesøk

Ho fortel at det nye tilbodet er kome på plass som ein del av den statlege reforma «Lev heile livet», kor intensjonen er å få til eit meir aldersvenleg Noreg.

— Det første me tilbyr er førebyggande heimebesøk, kor ein får ein samtale om kva ein trur skal til for å kunne halde seg frisk og kunne bu heime lengst mogeleg, seier ho.

Gravelsæter legg vekt på at hennar rolle handlar om førebygging og helsefremming.

— Helsestasjon for seniorar er eit tilbod til dei som er friske i dag, ikkje til dei som allereie nyttar kommunale helsetenester som heimesjukepleie eller har plass på dagsenter, seier ho.

Kan ha med seg nokon

Innhaldet i samtalen kan til dømes handle om kva som er viktig for deg, fysisk og sosial aktivitet, fallførebyggande tiltak i heimen, brannførebygging og om velferdsteknologi. Ho presiserer at spørsmål om tenester som heimesjukepleie eller annan praktisk bistand frå kommunen, så er det som før tenestekontoret som tek seg av det.

— Men helsestasjonen kan vere eit kontaktledd til andre instansar i kommune, seier ho.

Det nye tilbodet er både frivillig og gratis. Ho legg til om ein ønskjer å ha med seg pårørande eller andre i samtalen, så får ein lov til det.

Kommunen sender i desse dagar ut 52 brev, eit til kvar av dei frå 85 år og oppover som er aktuelle for tilbodet. Når denne gruppa har fått tilbodet, vil det gå vidare til aldersgruppe 80 til 84 år.

— Dei som ikkje er innafor desse aldersgruppene står fritt til å ta kontakt med helsestasjonen dersom ein er 65 år eller meir, seier ho.

Gruppesamtalar

På sikt er målet å utvikle tilbodet vidare til gruppesamtalar for seniorar, kor tema kan vere til dømes ernæring eller andre tema som seniorane sjølv ønskjer.

Førebels er ikkje helsestasjon for seniorar i eit eiga lokale som ein kan oppsøkje.

— Me leiter etter eigna lokale. Men førebels får eg bruka eit kontor på omsorgssenter til administrative arbeidet som følgjer med oppgåva, fortel ho.

Powered by Labrador CMS