nyhende

eikeland kapell gravplass
Situasjonsplanen er laga av Norconsult.

No skal gravplassen ved Eikeland kapell fornyast

Planane for utviding av gravplassen på Eikeland, som gir plass for gravlegging i 50-60 år framover er godkjent. Det blir også parkeringsplass.

Publisert Sist oppdatert

Det er estimert at gravplassen ved Eikeland kapell, som blei tatt i bruk i slutten av 1950-åra, er full i slutten av 2022. I hovudsak er det dei som er busett i Auklandshamn som bruker denne gravplassen, i snitt har det etter år 2000 vore fem gravferder årleg på Eikeland.

Minnelund

Utvidinga gir plass for 201 kistegraver og 45 urnegraver. I kvar urnekrav kan det setjast ned fire urner. I tillegg kjem minnelund, med plass til å setja ned 145 urner.

Soknerådsleiar Tor Helge Hardeland (t.v.) og kyrkjeverje Ottar Krakk sa til Vestavind i juni i fjor at det hasta med utviding av gravplassen ved Eikeland kapell. No blir det truleg anleggstart på nyåret 2022.

Kor lenge utvidinga vil dekka behovet framover vil vera avhengig av gravferdstradisjonar framover, men det er anslått av dette vil halda i 50-60 år framover, om ein reknar med ei viss grad av gjenbruk av graver, og utan store endringar i tradisjonane.

Parkering

Parkering er òg ei utfordring, som det no skal gjerast noko med. Det skal kjøpast tilleggsareal på om lag 400 kvadratmeter til parkeringsplass sør for kapellet, til ein kostnad av 15 000 kroner. 18 bilar vil få plass på den nye p-plassen.

Anbod vil truleg bli lyst ut til hausten, med byggjestart på nyåret 2022, og ferdigstilling til sommaren 2020. Kostnadsramma for prosjektet er 5,69 millionar kroner.

Powered by Labrador CMS