nyhende

rogaland hordaland fylkesmerke søra våge
Fylkesmerke på Søra Våge.

No skal eit mogleg fylkesbyte kartleggjast

Publisert Sist oppdatert

Rådmannen i Sveio har fått fullmakt av kommunestyret til å inngå avtale med eit fagmiljø som vil kartleggja fordelar og ulemper om ein byter frå Vestland til Rogaland fylke. Den økonomiske ramma er 500 000 kroner, der 185 000 kroner er eigenfinansiering frå kommunen si side.

Då saka var opp i kommunestyret 22. februar, var Monica V. Valen frå Sveio Sp klart imot dette.

– Trur ein verkeleg at det er så mykje betre å vera ein utkantkommune i Rogaland? Med ein slunken kommunekasse som Sveio har – vil ein verkeleg bruka pengar på dette? ytra Valen i det digitale møtet.

To framlegg til vedtak

Hennar framlegg til vedtak var at «kommunestyret ønsker ikkje at rådmannen går vidare med utgreiing av framtidig fylkestilhøyring».

Formannskapet si tilråding, som seier ja til utgreiing, blei sett opp mot framlegget frå Valen. Resultatet blei 18–7 i favør av førstnemnde. Mindretalet var representantane frå Senterpartiet og SV, samt Anne Vierdal (KrF).

Powered by Labrador CMS