nyhende
No skal «Åno» temmast – stenger Øklandsvegen i fem dagar
Mykje overvatn på Øklandsvegen ved «Åno» like aust for nedkøyringa til Øklandsneset har vore eit gjentakande problem. Det skal det no bli ei endring på.
Kommande måndag startar arbeidet med å legga ned nye dreneringsrøyr under vegen, og det betyr at det blir «brot» på Øklandsvegen frå måndag til og med fredag 16.-20. september.
Dei einaste som får passera, er skulebarn som skal til Auklandshamn og Sveio skular. Om morgonen blir dei bussa til anleggsområdet, går over ei midlertidig gangbru, og blir bussa vidare.
På ettermiddagen vil det bli lagt ut køyreplater slik at bussane som kjem med elevar, også frå vidaregåande skular i Haugesund, kan passera.
Omkøyringa skilta
– Me vil ikkje ha andre gåande i anleggsområdet, og brua og køyreplater vil berre ligga nede til fastsette tider i samband med skuleskyssen, seier Jan Einar Pedersen, prosjektleiar i Ramudden.
Stenging av Øklandsvegen og omkøyring via Tjernagelvegen blir godt skilta, og Pedersen håper at det ikkje skaper så store utfordringar for dei som blir berørt. Han opplyser at også naudetatane må bruka omkøyringsalternativa medan arbeidet pågår.
Meir enn dobla kapasitet
Dei nye røyra har dimmensjonar som meir enn doblar kapasiteten til å ta unna vatn.
– Det skal leggast inn to dreneringsrøyr på 1.200 millimeter i diameter, og når dei er på plass vil det vera slutt på dreneringsproblema, seier Pedersen.
Mesta er ansvarleg for prosjektet, og det er entreprenør Geir Flatnes som skal utføra arbeidet.