nyhende

Oppvarming av ei kald studentleilegheit kan drar mykje straum. No kan studentar søkje om straumstipend. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPKd
Oppvarming av ei kald studentleilegheit kan drar mykje straum. No kan studentar søkje om straumstipend.

No kjem straumstipendet til studentane

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Regjeringa har sett av i underkant av ein halv milliard kroner som skal gå til straumstøtte til studentane. No kan studentane søkje om straumstipend.

– Stipendet kjem på toppen av kompensasjonsordninga for høge straumprisar, som alle norske hushald får, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding fredag.

Stipendet er tilgjengeleg for alle studentar, i tillegg til vaksne elevar i vidaregåande opplæring, som har straumutgifter som ikkje er inkluderte i husleiga. Straumstipendet er på 3.000 kroner.

Lånekassa vil sende ut e-post til alle studentane, som kan søkje straks dei får e-posten.

– Den enkelte må stadfeste at dei har straumutgifter som ikkje er inkluderte i husleiga, og at dei kan dokumentere dette til Lånekassen i ettertid. Stipendet blir utbetalt i løpet av eit par dagar etter at avtalen er signert, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS