nyhende
No kjem sensuren for elevar i heile landet
I desse dagar fell sensuren for 180.000 elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande. Då kan nervøse elevar endeleg sjekke karakterane sine.
Det er hektiske dagar for alle skuleelevane i landet. Rundt om på skulane blir avslutningane gjennomførte. Samtidig ventar mange spent på karakterane. Spesielt er det nervepirrande for dei som ønskjer seg inn på ein spesiell vidaregåande skule, eller på draumefaget på høgare utdanning.
All sensuren for vidaregåande skule og ungdomsskulane kjem mellom 16.–18. juni. Til saman er det 180.000 elevar, og dei leverer 280.000 eksamenar.
Streng eksamen
For vidaregåande skule starta eksamenstida 12. mai, og i ungdomsskulen starta han 20 mai. Her var det nok mange som hadde høge skuldrer og grudde seg.
– Eg forstår sjølvsagt godt at mange var stressa, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet, som også er sjef for alt som har med eksamen å gjere.
Rosenkvist er fornøgd med korleis det er gått med gjennomføringa av eksamenane i år. For å hindre bruk av KI eller andre ikkje-tillatne hjelpemiddel var tilgang til internett stengt. Det var berre mogleg å bruke nokre få nettbaserte hjelpemiddel, som ordbøker.
Å avvikle eksamen er eit ganske stort apparat. Det er 600 fag, 3.000 har jobba som sensorar, og eksamen blir gjennomført i 357 kommunar.
Gode karakterar
For dei som har søkt vidaregåande skule, kjem melding om førsteinntaket i juli. Mellom 1. og 10 juli får søkjarane ein sms. Tidspunktet varierer mellom dei ulike fylka. Deretter kjem andre inntak nokre veker etter.
Dei som søkjer høgare utdanning, har siste frist for å levere karakterane eller vitnemålet sin 1. juli. Ein bør sjekke om ein har fått elektronisk vitnemål, og om ein kan sjå det i søknaden ein leverte i vår.
19. august kjem den nasjonale statistikken for korleis det er gått på eksamen for alle. Dei siste åra har det vore lite endringar i karakterane for vidaregåande skule, men ifølgje Utdanningsdirektoratet har dei vore litt høgare enn før pandemien.
I fjor var snittkarakteren i norsk hovudmål 4,1, medan han var 4 i 2019. For matte var karakterane i fjor det same som før pandemien. Jenter får høgare karakterar i dei fleste faga, det gjeld både standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Men gutane har i snitt høgare karakterar i kroppsøving og for somme av eksamenane i matte.