nyhende

Uvêret Hans regn vind

No kjem regnet: – Slapp av, det er berre haust på Vestlandet

Varselet om uvanleg mykje regn på Vestlandet er riktig, men Sveio ligg akkurat på grensa av området. – Ikkje noko uvanleg med nedbøren som kjem. Det er berre at det har vore tørt så lenge, seier meteorolog Steinar Skare.

Publisert Sist oppdatert

– Ein må ikkje gløyma kor ein bur. Eg vil ikkje seia at Sveio får så mykje nedbør, men det kjem jo til å regna. Sveio ligg heilt på grensa av varselet, seier Steinar Skare, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Vanleg haustvêr

Han tek det heile med ro og oppmodar vestlendingar til å gjera det same. Varselet om regn kjem i hovudsak fordi det har vore så lite av det den siste tida.

– Det er ikkje noko uvanleg med nedbøren som kjem, det er berre at det har vore tørt så lenge, seier Skare.

Meteorologen omtalar det som vanleg vestlandsk haust. Han forklarar at dei 20-30 millimetrane med nedbør som Sveio kan få mellom natt til onsdag og onsdag ettermiddag ikkje er noko å frykta.

– Det er forsåvidt ingenting, heilt vanleg på haust og vinter, seier han.

Endra køyreforhold

Tysdag kveld vil vinden auka, og viss ein er utandørs seint kan det kome nokre dråpar. Vêret skal vara til om lag laurdag, som Skare trur mogelegvis vert den finaste dagen denne veka.

– Onsdag ettermiddag snur vinden mot vest og då vert det regnbyer. Torsdag er det venta ein del vestleg vind som dreier nordvest, og det er snakk om at vinden kan auka til sterk kuling i løpet av torsdag. Då kan ein venta bygevêr med enten regn eller sludd, og at det bles mykje, seier han.

At det skal verta vått og vindfullt er noko ein bør medrekna på Vestlandet, meiner Skare. Samstundes ber han bilistar vera obs på at køyreforholda vil endra seg frå slik det har vore den siste tida.

– Har du noko forslag til aktivitet i forhold til vêret?

– Eg trur ikkje eg svarar på den, ler Skare.

Powered by Labrador CMS