nyhende

Nina Hopsdal, banksjef ved Haugesunds-kontoret til Sparebanken Vest.
Nina Hopsdal, banksjef ved Haugesunds-kontoret til Sparebanken Vest.

No kan sveibuen søkja midlar frå Ildsjelfondet

Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest sitt Ildsjelfond er på 100 millionar kroner. Eldsjeler, lag og organisasjonar blir oppmoda til å søka Ildsjelfondet om støtte til å dra i gang gode initiativ.

– Me håpar at midlane kan vera med på å styrka det gode fellesskapet på Haugalandet etter den turbulente tida som vi har vore gjennom. Etter eit år med uro og uforutsigbarhet er det mange lag og organisasjonar på Vestlandet som blør. Som sparebank vil me gjera det me kan for at dei skal komma raskt tilbake til slik det var før pandemien, seier Nina Hopsdal, banksjef ved Haugesunds-kontoret til Sparebanken Vest.

Fortløpande behandling

– Søknader til Ildsjelfondet blir behandla fortløpande, og det er ingen søknadsfrist. Det betyr at organisasjonane kan søka om midlar heile året, og forhåpentlegvis så vil dei få svar raskare enn tidlegare, seier banksjefen.

Det er fleire lag og organisasjonar som melder om økonomiske problem og også fråfall av både deltakarar og frivillige, som følgje av korona-krisa. Det er bekymringsverdig viss det blir slik at barn og unge som har mista aktivitetstilbodet sitt no i ein periode, ikkje vender tilbake, meiner Nina Hopsdal.

Koronafond

– Laga er òg heilt avhengige av innsatsen frå dei mange frivillige for å halda hjula i gang. Me håpar at Ildsjelfondet kan bidra til å løysa nokre av utfordringane som organisasjonane har no, seier ho. Ildsjelfondet kjem i tillegg til Sparebankstiftelsens Koronafond, som vart lansert i mars i fjor.

Koronafondet har fått ei varm mottaking på Haugalandet, fortel Hopsdal. Til no er i overkant av 3,5 millionar kroner delt ut til 50 frivillige organisasjonar.

– Det er framleis nesten 40 millionar kroner igjen i Koronafondet, så her er det fullt mogleg å søka om midlar framleis, seier ho. Som for Ildsjelfondet, så er det ingen søknadsfrist for Koronafondet.

Powered by Labrador CMS